Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Politi og ambulanse rykte ut etter melding om slåssing mellom tre personar søndag ettermiddag.

Klokka 13.36 søndag ettermiddag fekk politiet melding om eit slagsmål i Borggata i Leirvik sentrum.

Politiet og ambulanse rykte ut til staden.

I ettertid viste det seg å vera éin person som sto bak opptrinnet, som høyrer inn under psykiatrien.

– Det er ein person som har utagert, og så er det andre som har prøvd å roa han ned. Det er ingen skade på dei involverte, og personen er overlaten til helsevesenet, opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sørvest politidistrikt.