Banksjef Dag Sandstå, t.v. er godt nøgd med Tysnes Sparebank sitt resultat. Foto: Tysnes Sparebank
- Annonse -

Med den nye kapitalen vil banken kunna finansiere opptil 400 bustadar årleg.

Forstanderskapet i Tysnes Sparebank vedtok tysdag å auke eigenkapitalen i banken med ca. 35 millionar kroner.

Den nye kapitalutvidinga gjer at banken, som nyleg opna både lokalkontor på Stord, og som er medeigar i nyetablerte Aktiv Eiendom, verkeleg kan vise musklar når det gjeld bustadlån.

– Den nye kapitalen er med å sikrar vekstkrafta til banken i åra som kjem. Med ny kapital på plass kan banken veksa med om lag 220 millionar kroner på eigen bok – i tillegg kjem vekst via Eika Boligkreditt. Det betyr til dømes at banken kan finansiera 300 – 400 bustader årleg framover, melder banksjef Dag Sandstå i ei pressemelding.

- Annonse -

Kapitalutvidinga gjer at det er opning for nye personar og verksemder kan teikne eigenkapitalbevis.

Banken skriv vidare at dei har ein god vekst av kundar i heile regionen. Målet til banken er å gi eit utbyte til eigarane som er over fem prosent av bankrenta. I 2016 vart det betalt ut 8,9 prosent utbyte.

- Annonse -
- Annonse -