Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fylkeskommunen må spare nær 100 millionar kroner for neste år, og føreslår kutt i avgangar for alle ferjesambanda i Hordaland.

Ferjeoperatørane i fylket har i det siste blitt kontakta av leiinga i Skyss, for å få innspel til korleis selskapet skal klare gjennomføre større kostnadskutt.

Stord24 er blitt tipsa om at Skyss mellom anna føreslår å kutte den siste avgangen på kvelden frå alle dei 17 fylkesvegsambanda i fylket.

Det vil til dømes føre til at den siste ferja frå Jektevik til Hodnanes på kvardagar vil gå klokka 21.50 i staden for dagens siste avgang klokka 22.30.

Har kontakta ferjeoperatørane

Skyss stadfestar overfor Stord24 at har kontakta ferjeoperatørane for kostnadssparande tiltak.

– I dei neste åra forventar me at kostnadsauka vil overgå inntektsveksten, og i det vidare arbeidet må ein difor arbeide med tiltak som gir varige reduserte kostnadar, opplyser konstituert leiar for avdeling trafikktilbod i Skyss, Gudrun Einbu.

- Annonse -
- Annonse -

Einbu er ikkje i tvil om at Skyss må sørgje for ein stor del av denne kostnadsreduksjonen.

- Annonse -

– Samferdsle er ein av dei to største sektorane i fylkeskommunen, og må difor ta ein stor del av reduksjonen.

– Kva slags tiltak er det de vurderar?

– Me jobbar no med det faglege underlaget til budsjettet for 2019. I samband med dette har me mellom anna teke kontakt med ferjeoperatørane våre for å få innspel til moglege kostnadskutt.

– Kutt i avgangar er eitt av fleire moglege tiltak som vil bli vurderte, seier Einbu.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -