Faris Albalushy er nestkommanderande ombord på Shabab Oman II
- Annonse -

På Tall Ship’s Race kan ein få med seg mange flotte skuter. Det viktigaste for dei som seglar er likevel vennskapet dei knyttar på tvers av landegrenser og kulturar. 

– Det viktigaste målet med Tall Ship’s race er internasjonalt vennskap og utvikling. Det største trofeet ein kan vinne på denne festivalen er «Sail Training International Friendship Trophy». Denne vinner ein frå stemmene ein får av andre skip. Me var heldige og vant i 2017, og vil sjølvsagt prøve å vinne i år òg. Me skal halde fleire arrangement og aktivitetar for dei andre skutene, fortel Faris Albalushy, som er nestkommanderande på Shabab Oman II. 

Han har lenge jobba ombord på fleire skuter og har tidlegare jobba på Shabab Oman, forløparen til skuta som no ligg i hamn på Leirvik, Shabab Oman II. 

Ombord er det fleire nasjonalitetar, blant anna ei jente i frå Finland, ein i frå Polen og to i frå Mexico. 

Shabab Oman II er Oman’s flaggskip og stoltheit. Skipet representerer landet og kulturen deira.

–Me har jo reist over 7000 kilometer heimefrå, så landet vårt blir glade for at me reklamerer for dei og viser fram kven me er. Dei som jobbar her er opptekne av å møte folk på ein hyggjeleg måte og å vere gjestfrie. Det er viktig for skipet å la gjester komme ombord, fortel Faris Albalushy. – Me vil vise at alle er like og ynskjer å invitere alle med ombord, fortel han. 

- Annonse -

Marineskip, men ikkje militært

Oman Shabab II vart ferdig bygd i 2014. Skuta er heile 85,8 meter lang og 51,2 meter høg, eit av dei høgste skipa i Tall Ship’s sirkuset. Dei som bygde skipet reiste til Oman for å plukke opp detaljar og la seg inspirere av kulturen. Ombord er det 90 arbeidarar, der 36 av dei er lærlingar i frå militæret, politiet og i frå sivilbefolkningen. Her lærer dei meistring og utvikling, samt viktige ting om det å jobbe ombord på eit skip.

Sawsan og Khawla er lærlingar ombord på skipet og to av til saman tolv jenter som jobbar der.

– Personleg utvilkling og samarbeid er svært viktig. Alle skal læra om leiarskap og samarbeid. Dei får jobbe her i 4 månadar på skuta. Lærlingane er i frå alderen 18-25, og resten av mannskapet er ei blanding av gamle og unge. I tillegg til å lære å vere ein del av eit mannskap, får dei vere med på unike opplevingar, fortel Albalushy.

Korleis er kvardagen ombord på skuta?

– Livet ombord på skuta endrar seg alltid. Det er nye oppgåver kvar dag, og arbeidsdagen er alltid varierande. Nokre dagar får me fint vêr, men ofte kan det vere storm, fortel han. – Me reiser på lange turer som dette annakvart år. Elles har me kortare turar rundt Oman. Dette er andre gangen me deltek på Tall Ship’s races. 

Skuta som er bygd i 2014 ser tradisjonell ut, men er full av ny teknologi og instrument.

Noreg er draumelandet!

– Eg har vore i Noreg fleire gongar med ulike skuter.  For meg er dette landet eit paradis. Naturen er fantastisk, og på plassar som Stord er det bare heilt fantastisk å leggje til kai. I dag var det vanskeleg å gjera jobben utan å la seg distrahere av utsikten, ler Albalushy.

– I morgon skal me til Bergen. Der skal me fortsette konkurransen på Tall Ship’s Race som går i frå Bergen til Århus i Danmark. På det forrige racet kom me på 6. plass blant 22 skip. Me skal prøve å betre oss på det neste løpet. Skipet vårt er stort, så me treng mykje vind. Me får mykje vind frå den høge mastføringa, så me har ein fordel der. Men me er avhengige av mykje vind for å få fart. 

Skutefesten fortsetter utover helga der blant anna Statsraad Lehmkuhl kjem på vitjing lørdag kl 12. Både denne og fleire av dei andre skutene har ope skip slik at ein kan komme ombord og kikke.

- Annonse -