Slik ser Vegvesenet for seg bruløysinga over Langenuen.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Debatt: La lokaldemokratiet ta avgjerda i denne for Sunnhordlandsregionen, historisk viktige saka og gå inn for søre kryssing no!

Av: Håkon Røstbø, Sunde

I desse dagar skal regjeringa Solberg ta ei avgjerd som vil få store konsekvensar for folket i Sunnhordland i mange generasjonar frametter.

Avgjerda om kor E39 skal kryssa Langenuen er blitt utsett mange gonger. Det er fleire veker sidan Statens Vegvesen (SVV) overleverte siste reviderte løysingar for kryssinga, der dei sjølve ikkje tok stilling til kva alternativ som var å føretrekkja, men let det vera opp til regjeringa å ta den beste avgjerda basert på det framlagde grunnlagsmaterialet.

Det har aldri vore tvil om kva folket og næringslivet i Sunnhordland meiner. Eit overveldande fleirtal ber om og krev kryssing i sør.

Ferjefritt samband Stord-Bergen kostar sjølvsagt mykje pengar, men mykje mindre enn til dømes ny veg og jarnbane Arna-Voss, det såkalla K5, for ikkje å snakka om «miljøprosjektet» Intercity-triangelet austanfor til eit par hundre milliard.

- Annonse -
- Annonse -

SVV er under eit stort press for å få ned kostnadene på Hordfast og av lobbyistar for å velja midtre kryssing. Og som lyn frå klar himmel, kom det nett ei kort pressemelding frå SVV der dei tilrår midtre kryssing med grunngjeving at då kan ein nytta meir av eksisterande veg enn ved søre kryssing på Stord nokre år frametter. I realiteten kan ein utsetja å byggja ny veg den 6,4 km lange strekninga frå Mehammar til Agdestein. Vidare sørover er det sjølvsagt likt for begge alternativ med tanke på å utsetja investeringar.

- Annonse -

SVV tilrår altså midtre kryssing ved å utsetja bygging av ein vegstrekning på det alternativet folket i Sunnhordland ikkje vil ha. Det er snakk om vel 1 mrd som kan utsetjast ved å nytta 6,4 km av dagens E39, som når den nye vegen er bygt vil vera heilt utan nytteverdi. Strekninga Mehammar-Agdestein vil då vera tilgodesett med heile 6 felt.

Dei fleste kjenner til vegstandarden på Tysnes. Beste vegen på øya er frå Økland og sørover til Hodnanes og vidare til Skjelevik. Vegen frå Økland til Søreid er av så låg standard at det må byggjast heilt ny veg på den 6,5km lange strekninga til sannsynlegvis like stor kostnad som det ein kan «spara» for narrativet mellom Mehammar og Agdestein ved midtre kryssing.

I desse dagar arbeider kommunane Stord, Tysnes og Kvinnherad med forstudie for vegfast samband mellom Kvinnherad og E39 Stord/Tysnes, det såkalla Sunnfast. Kommunane har sett av 1 million til dette arbeidet. Norconsult har ved hjelp av SVV sine modellar kome fram til at Sunnfast i kombinasjon med kryssing i sør vil generera ei trafikantnytte på 9,6 milliardar, 1,3 milliard meir enn ved midtre kryssing. Men skulle solbergregjeringa gå for midtre kryssing, vil det effektivt sparka beina under Sunnfast.

Omvegen om Søreidvågen på Tysnes, ekstrakostnadene med ny veg Økland-Søreid og ikkje minst nesten 1000 lågare ådt (årsdøgntrafikk), vil gjera finansieringa av Sunnfast svært vanskeleg. Og skulle forstudiet for Sunnfast syna at brua ikkje let seg realisera med det første, vil eit ferjesamband i denne traseen vera det soleklart beste alternativet for å knyta Kvinnherad til E39 i påvente av bru. Men også ferjealternativet kviler fullt og heilt på at ein vel søre kryssing.

Så til regjeringa Solberg. Ikkje la dykk lura av narrativet for «større» innsparing ved midtre kryssing. La lokaldemokratiet ta avgjerda i denne for Sunnhordlandsregionen, historisk viktige saka og gå inn for søre kryssing no!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -