Den raude linja nedover på kartet markerer det nye skiljet mellom Langeland og Tjødnalio krinsgrense. No er det kjent ugyldig av fylkesmannen.
- Annonse -

Skuleelevane som bur i Horneland-området må gå på Tjødnalio skule til neste år.

Kommunestyret vedtok med 21 røyster å ikkje løyve pengar til brakkebygg ved Langeland skule.

Dermed er den mykje omtala skulekrinssaka i avgjort. Utan noko midlertidig utviding av kapasiteten på Langeland skule vil ei nye elevane i Horneland og Hornelandsvågen måtte starte på Tjødnalio skule til neste år, og får dermed rundt fem kilometer lang skuleveg.

– Dette er ikkje noko kjekk avgjersle å ta. Men me ser ikkje noko anna løysing dei næraste året enn å endre på krinsgrensene. Me har fått så tydelege faglege råd, både frå administrasonen og dei tilsette ved Langeland skule om at ei ytterlegare utviding på Langeland vil vere ein dårleg idé, sa Jakob Bjelland (Sp).

Han fekk støtte frå leiaren i oppvekst og utdanning-komiteen, Torbjørn Brosvik (KrF).

– Me har ikkje funne plass til brakkebygg på Langeland. Me trur ikkje det vil gi ein tilfredstillande skulekvardag, korkje for elevar elevar eller lærarar, sa Brosvik.

- Annonse -

– Ikkje dramatisk

Han meiner avstanden til Tjødnalio ikkje er for stor for elevane at det er uforsvarleg å sende dei dit.

– Situasjonen som ligg over oss er at me ikkje kan bygge ut fleire skular så lenge me har ledig kapasitet samla. Avstanden til Tjødnalio er ikkje dramatisk. Det er heller ikkje sikkert at me vurderer det slik til neste år, men slik blir det iallfall no.

Kommunestyret røysta samtidig for at skulebruksplanen skal bli rullert til neste år, der ein vil gjere dei langsiktige prioriteringane med tanke på skulestrukturen.

– Me ser at prognosane i den gamle planen ikkje held mål lenger. Difor vil me be rådmannen om rullering av skulebruksplanen.

Eit fleirtal av politikarane vedtok elles eit budsjett som i hovudsak var det same som koalisjonen fremja tidlegare i dag.

Ville greie ut meir

Det var ein lang debatt om skulekrinssaka før røystinga blei gjort. Geir Angeltveit (V) la fram eit alternativt framlegg om å ikkje endre krinsgrensene no, men å be rådmannen greie ut om andre brakkeløysingar.

– Dette er ikkje i tråd med det me i Venstre skulle sett blei tilfelle. Me har vore i samtalar med foreldra i vel eit halvt år, og mange av dei er rimeleg fortvilte. Likevel er me samd i at eit brakkebygg på framsida av Langeland skule ikkje hadde vore ei god løysing.

Angeltveit ville heller at det skulle bli sett opp brakkar på parkeringsplassen ved fotballbanen bak skulen, og meiner dette ville vore ei rimelegare løysing.

Sigbjørn Framnes (Frp) støtta forslaget til Angeltveit, men meinte det optimale ville vore å legge til rette for ei privat bygging av skule i Hatland.

– Det er ikkje vilje i denne salen til at andre enn kommunen skal bygge ut, difor fell dette på grunn, sa Framnes.

Det var berre Venstre og Framstegspartiet som røysta i mot ei endring av krinsgrensene.

- Annonse -