Illustrasjonsfoto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Leiar i Huglo bygdalag, Endre Caldwell er frustrert over at dei nye ferjerutene mellom Stord og Huglo vil gjere at skuleungar får ein halvtime lenger reiseveg heim frå skulen.

Som Stord24 har skrive om i fleire artiklar den siste veka, ligg det an til kraftige kutt i rutetilbodet for ferjesambandet Jektevik-Hodnanes-Huglo frå 2020. Så mange som 50 avgangar i veka kan bli kutta.

Ordføraren i Tysnes, Kåre Martin Kleppe (H), har uttrykt stor frustrasjon knytt til dialogen dei har hatt med Skyss. Også leiar i Stord næringsråd, Anne-Grete Sandtorv har kome med kraftige protestar.

– Alvorleg

No kjem også rådmannen og ordføraren på Stord på banen. Dei har også sendt eit brev til Skyss der dei ikkje legg skjul på kva dei meiner om det nye ferjetilbodet.

– Stord kommune vurderer situasjonen som alvorleg. Stord har stort innslag av pendling. At reiserutene er tilpassa pendlingsbehovet er viktig for sysselsettinga og næringsutviklinga på Stord og for heile regionen.

Dei er også uroa over at dei varsla ruteendringane vil gå ut over dei minste. Skuleelevane frå Huglo som går på Rommetveit skule vil nemleg få ein meir komplisert reiserute dersom rutene vert vedteke.

- Annonse -

Det er ikkje lagt opp til direkte kutt i ferjeavgangane til/frå Huglo, men at overfartstida blir forlenga fordi ferja må lade 10 minuttar på Hodnanes på Tysnes.

– Lang og krevjande skulekvardag

– Desse borna har ein lang og krevjande kvardag ved at dei må reise med ferje for å komma til og frå skule og fritidsaktivitetar. Om utviklinga skal gå rett retning, så må det vera at reisetida vert kortare, ikkje lenger. Konsekvensane av endringane som vert gjennomført i 2020 er mellom anna. at skuleborna får 30 minutt lengre reisetid frå skulen til heimen.

Dei pekar på at også for elevar i vidaregåande skule, og studentar til Høgskulen på Vestlandet vert rutekutta ei stor utfordring.

Leiar i Huglo bygdalag, Endre Caldwell, er svært frustrert over at det er ungane som blir råka av dei nye ferjerutene.

– Ungane reiser i dag med 7-ferja for å nå skulen som byrjar klokka 8.30. Då må dei ofte stå ute og vente før skulen opnar. Når dei no skal heim igjen er det lagt opp til at dei får ein knapp halvtime lenger dag, fordi ferja skal ligge å lade.

– Eit grønt skifte er fint, men her er det altså seksåringar på skulen som må betale for det grøne skiftet ved å ha lengre dagar på skulen. Det er heilt uforståeleg, ser Caldwell.

Bør redusere liggetida

Mjør og Epland meiner ein kan unngå rutekutta ved å legge opp til kortare ladetid enn dei 10 minutta Skyss har lagt opp til i anbodet, med tanke på at ferjeflåta skal elektrifiserast.

– Ein må unngå at det blir 10 min. liggetid på Hodnanes på turar til og frå Huglo. Fem minutt kan flyttast til Jektevik før og/eller etter turar via Huglo.

Stord kommune meiner det er generelt utheldig at Hordaland Fylkeskommune utformar eit anbod, der det vert lagt opp til 10 minutt ladetid.

– Rutetilbodet vart verken redusert eller forsinka, då Folgefonn var med i prøveprosjekt med batteri/hybrid ferje med hurtiglading på Jektevik. Ladetida var fem minutt, og etter dette har teknologien på ladetid blitt ytterlegare forbetra.

- Annonse -