Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Det er temmeleg arrogant når DA no ser ut til å pressa fram felles leiing mellom Sunnhordland og Haugaland før den framtidige strukturen er avklart

Av: Gaute Epland (Ap),
Ordførar, Stord

Det er skuffande, men diverre ikkje så overraskande at Domstolsadministrasjonen (DA) no ser ut til å komma til å gå på tvers av den lokale viljen og vedta felles leiing mellom Sunnhordland og Haugaland tingrett.

Dette trass i at det er brei semje i Sunnhordland og Hardanger om å gå inn for ei samanslåing av domstolane i desse to regionane: Det er inngått ein intensjonsavtale mellom Sunnhordland og Hardanger tingrett, og regionsråda og advokatmiljøa i begge regionane har stilt seg bak dette. Det har også politiet i dei to regionane gjort.

DA ser dermed ut til å villa forsera Domstolskommisjonen sitt arbeid ny domstolsstruktur. Innstillinga til kommisjonen skal leggjast fram i oktober, og deretter behandlast politisk. Intensjonsavtalen mellom Sunnhordland og Hardanger og den lokale semja om denne løysinga har vorte presentert for kommisjonen, og det er så langt ikkje komme fram noko som skulle tilseia at dette er ei uaktuell løysing.

Det er dermed temmeleg arrogant når DA no ser ut til å pressa fram felles leiing mellom Sunnhordland og Haugaland før den framtidige strukturen er avklart, særleg når dette er i strid med det både tingrettane, politkarane og advokatane ynskjer lokalt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er og eit poeng at det heiter at det skal vera «særlege grunnar» til å vedta felles leiing mellom to eller fleire domstolar, og at DA ser ut til å tøya dette lenger enn det dette vedtaket opnar opp for. Det undrar meg at politisk leiing i justisdepartementet kan tillata at DA overkøyrer lokalviljen og tøyer politiske vedtak på denne måten. Eg har difor bede Sigbjørn Framnes ta dette opp med den nye justisministeren på landsmøtet til FrP i helga.

Når det gjeld Øyvind Kyvik sine kommentarar, kan eg ikkje karakterisera dei som anna enn ganske så oppsiktsvekkjande. Trass i at både tingretten, eit samla advokatmiljø, politiet og heile Samarbeidsrådet (med unntak av Kvinnherad, som vil ha tingretten på Husnes) meiner noko anna, får han seg til å hevda at samanslåing med Haugaland er det beste for både innbyggjarar og advokatar på Stord. Og ikkje berre det, tidlegare har han endåtil beskrive dette som «tidenes moglegheit» for Sunnhordland tingrett.

Alle veit at for å få til noko i slike saker, så må ein stå samla på tvers av partiskilje og kommunegrenser. Lokal usemje er alltid oppskrifta på ikkje å nå fram overfor overordna myndigheiter. Kyvik si framferd i denne saka er såleis ikkje berre oppsiktsvekkjande av ein som ynskjer å bli ordførar på Stord, den kan og i verste fall bidra til at me ikkje oppnår det som fagfolka, både tingrett, advokatar og politi, meiner er det beste for kommunen og regionen vår.

Sjølv om DA si avgjerd er eit skot for baugen, så kjem me til å halda fram med å kjempa for samanslåing mellom Sunnhordland og Hardanger. Som sagt, vert dette ei politisk avgjerd til slutt, og eg er innstilt på å gjera det eg kan for å bidra til å sikra at me som kommune og region vil ha tingrett med stadleg leiing også i framtida.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -