Geir Angeltveit. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

DEBATT: Legning er ikkje eit «val» ein tar seinare i livet, som ein kan «kurerast» for. Det er verken smittsomt, plagsomt eller øydeleggande på noko som helst måte.

Av: Geir Angeltveit

Menneskets variasjon har alltid vært vår styrke som art, frå dei første homo sapiens utvandra frå afrika for mange titusener år sidan for å erobra planeten. I tusenvis av ulike samfunn utvikla me ulike normer og levesett tilpassa lokale forhold og opparbeida kulturarv.

I nokre samfunn undertrykka ein menneskers eigenart, mangfoldighet og eigen identitet. Med sine naturlege svingingar gjennom åra. Noko som derimot alltid har stått seg er at mennesker er glade i parforhold. Det at ein gjer rom for å akseptera at nokre vel å leva annleis frå «norma» er faktisk ikkje eit problem.

Økland og Simonsen skriv av no skal biologi settast til side, for «kjensler og ideologi». Men ein må lura på om skribentane er klare over at legning er biologisk definert? Det er ikkje eit «val» ein tar seinare i livet, som ein kan «kurerast» for. Det er ei medfødt legning. Det er verken smittsomt, plagsomt eller øydeleggande på noko som helst måte.

Fridom til å vere seg sjølv. Og så lenge den du er og det du gjer ikkje setter hindringar for andres fridom, så skal du vere fri til å vere deg sjølv.

- Annonse -

Økland og Simonsen drar opp auken i skilsmisserate og samanstillar den med sjølvsmordsraten. Økland og Simonsen seier at auken i skilsmisser medførte auke i sjølvmord mellom 65 og 85, etter den «seksuelle revolusjonen.» Som om den eine har noko som helst med den andre å gjere. Dette er ein velkjent logisk feilslutning, to ting skjer samstundes, så då påstår ein at dei er relatert. Det kan for så vidt seiast at i den same perioden sank antall dødsulykker dramatisk, samstundes som abortlova blei innført. Det har lika lite med kvarandre å gjere som skilsmisser og sjølvmord.

Økland og Simonsen påstår at «nokre unge er i dag utrygg på å gå inn i eit ekteskap og starte familie, fordi de tenker ‘kva om eg blir skeiv?’» Ein av grunnane til at ein ønskjer at born og unge skal akseptera seg sjølv er at ein ikkje «vert skeiv», ein er fødd til ei biologisk legning. Medan nokre kjenner på fordømming frå konservative religiøse miljø, og er redd for å koma ut. Ved å skapa aksept for menneskas eigenart og mangfald så slepp nokon å «kome ut av skapet» langt opp i tiåra.

Det skal ikkje måtte vere ein sensasjon. Homofili er ikkje noko nytt som oppstod på 60-talet, slik Økland og Simonsen tilsynelatande verkar å tru.

«Rosa Kompetanse» og det finare innhaldet i opplæring om seksualitet og livsformar kan ein fint diskutera, det er meir enn nok pedagogar, psykologar, sosiologar, ungdomsarbeidarar og andre fagfolk som har mykje å bidra inn mot ein godt heilskapleg og aksepterande tilnærming. Det er ikkje religiøst konservative minoritetar som skal vere premissleverandør for born og unges fridom og aksept til å finna seg sjølv.

Norge er eit sekulært land. Norges grunnlov blei bygd på radikale liberale prinsipp, som var blant dei mest framskote i verda. Ein utvikla nasjonen med grunnlag for fridom til den einskilde og ansvar for kvarandre. Det sosiale sekulære fellesskapet, liberale grunnlovar, sosiale arbeidarsamfunnet, kristne kulturarva, vår kyst og utfordrande naturgitte forhold er det som har skapt Norge. Det er ikkje ei «gruppering» som kan smykka seg med kva Norge har blitt. Det er vår evne til å fredeleg samhandla, drøfta, og løysa utfordringar i fellesskap. Det er den greina me sit på, og den vert styrka av å akseptera alle.

PS: Og det skal nemnast at Noreg ikkje har eit 1000-års kristen kulturarv, me har bikka 995 år og tusenårsmarkeringa skjer på Moster 2024, ved Moster Amfi og Kyrkjehistoriske Senter.

(Geir Angeltveit er for ordensskuld styremedlem i Moster Amfi og Kyrkjehistoriske Senter.)