UP fekk ein innbringande slutt på veka under fartskontrollen på E39.
Mellom klokka 12 og 15 gjennomførte Utrykkingspolitiet fartskontroll ved Klubbestranda, like ved ferjekai en på Jektevik.
Det vart i løpet av desse timane skrive ut heile 44 førelegg.
Den høgste hastigheiten som vart målt på strekninga, som har 60-sone, var 84 kilometer i timen.
– Ein førar blei politimeldt fordi han ikkje vedtok førelegget, melder Sørvest politidistrikt.
Ein annan førar mista førarkortet grunna for mange prikkar.