- Annonse -

Den danske lågpriskjeda for kvitevarer ser etter franchisetakar for ein ny butikk på Stord.

Skousen er ein dansk retailkjede for kvitevarar, og har frå før 24 butikkar i Norge. Dei har dei siste to åra satsa aggressivt på den norske marknaden, og har uttalt at dei har som mål om å starte 50 butikkar i Norge.

Trass i at kjeda har utlyst ein franchisetakar til ein ny butikk på Stord, er salsdirektøren i Skousen ordknapp når Stord24 ringer.

– Du ringer alt for tidleg, og eg har ingen aktuelle opplysningar å kome med. Me har eit ønskje om å starte butikk, men det er ingenting som er bestemt, seier salsdirektør Thomas Nordborg.

– Har de funne aktuelle lokale for butikken?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere, du får ringe igjen om eit par månader.

- Annonse -

Skousen vart etablert i Danmark i 1957, og spesialiserer seg på relativt små butikkar berre med med kvitevarer, ifølgje retailhandel.com.

- Annonse -