Litldalen Kraftverk i Etne blir oppgradert av SKL. Foto: SKL
- Annonse -

Utbygginga vil sikre kraftproduksjon som tilsvarar straumforbruket til 15.000 norske husstandar.

Sunnhordland Kraftlag AS vart statsråd i førre veke, gitt løyve til opprusting og utviding av kraftverk i Etnevassdraget i Etne kommune.

Løyvet gjeld utbygging av kraftverket Løkjelsvatn, samtidig som  Litledalen kraftverk og Hardeland kraftverk vert oppgradert.

Stolt av å setje i gang

– I ei tid med stor aktivitet i entreprenørbransjen ser me at det krevjande å få gode kontraktar. Men me har lukkast, og SKL er stolte av å kunna setja i gang nok eit stort prosjekt, seier administrerande direktør i SKL, John Martin Mjånes.

Kraftverka i Etne stammar frå 1920- og 1950-talet, og det er difor på høg tid med ei modernisering.

– Etter mange års drift er det naudsynt med ei omfattande rehabilitering av kraftverka i Litledalen. I staden for å rusta opp eksisterande anlegg, ønskjer me å bygge eit nytt anlegg i form av ny vassveg og kraftstasjon. Tiltaket inneber ei betra utnytting av kraftressursen i vassdraget enn alternativet med framleis drift av dagens anlegg, seier Mjånes.

- Annonse -
- Annonse -

Auka effektivitet

Utbygginga vil gi 238 GWh/år, inkludert 20 GWh ny fornybar kraftproduksjon fra Løkjelsvatn kraftverk. Det tilsvarar straumforbruket til omlag 15.000 norske hushald, skriv SKL i ei melding.

- Annonse -

– Tiltaket gir auka effektivitet, lågare drifts- og vedlikehaldskostnadar og ei betre tilpassing til dagens kraftregime.

Løkjelsvatn kraftverk vil nytta eit fall på om lag 550 meter mellom reguleringsmagasinet Løkjelsvatnet og Litledalsvatnet. Vatnet vert ført i tunnel frå inntaket til kraftstasjonen som vert bygd i fjell. Utløpet kjem i eksisterande utløpskanal frå Litledalen kraftverk.

Ordføraren i Etne, Siri Klokkerstuen, uttalar at ho er glad for det positive vedtaket frå styret i SKL  slik at arbeidet kan ta til.

– Prosjektet er eit godt døme på fornying og smartare utnytting av eksisterande
vassressursar. Det blir spennande å følgja arbeidet og den lokale verdiskapinga
ringverknadane av dette kan utløyse, seier Klokkerstuen.