Stormfloen har lagt igjen mykje rusk og rask i strendene. Astrid Larsen oppmodar folk til å ta i eit tak i helga.
– Denne helga tek me aksjon og rydder i Aslaksvikjo, også kalt Hystadvikjo, opplyser leiaren i Friluftsrådet Vest, Astrid Larsen.
Ho opplyser at Ragn Sells set ut container i løpet av i dag, fredag, og det kan ryddast heile helga fram til måndag.
Sjølve ryddeaksjonen blir på laurdag frå klokka 16 til 18.
– Kom gjerne og delta, det er noko arbeid til mange, seier Larsen.