Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sagvåg musikklag arrangerer korpskonkurranse i Leirvik sentrum for andre år på rad. 

I for arrangerte korpset «Whit Friday Stord», som var ein marsj- og hymnekonkurranse etter modell frå engelsk tradisjon. Laurdag blir det ein ny utgåve av arrangementet.

– Me vil no gjenta arrangementet, og arrangere ein korpskonkurranse på Vikjo. Me har no valt å «omdøype» konkurransen til «Stord korpsfest 2019» og innhaldet er også noko endra frå i fjor, opplyser Linda Nonås Fylkesnes i korpsfest-komiteen.

Ho kan love mykje liv og musikkglede til dei som tek turen til byen denne laurdags føremiddagen.

– I år skal alle dei åtte påmelde korpsa delta i tre ulike «greiner»: ein konsertmarsj, ein marsjeringskonkurranse/gatemarsj og eit underhaldningsinnslag, så det vert eit veldig variert program denne dagen.  

Og det blir ikkje noko å seie på kvaliteten på musikken som skal spelast, skal me tru komiteen.

- Annonse -

– Blant dei åtte korpsa som er påmelde er Manger Musikklag, eit av dei beste brassbanda i Europa, så dei i seg sjølv er verdt turen til Vikjo denne laurdagen.

Dei skal også spele festkonsert i Stord Kulturhus same kveld (kl. 20), der premieutdelinga skal skje, og konserten er også open for andre som vil høyre på. 

Arrangementet i sentrum startar klokka 13.

- Annonse -