Regjeringa seier at det ikkje er naudsynt med førehandsinnkrevjing av bompengar for Hordfast. No blir heile prosjektet skrota.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Øyvind Halleraker sitt innspel om å krevje inn bompenger for å finansiere planlegginga av Hordfast får lite støtte i fylket.

For to veker sidan gjekk Øyvind Halleraker, som er dagleg leiar i lobbyselskapet Hordfast, ut med forslaget om å krevje inn planleggingsmidlar til Hordfast som bompenger på ferjene.

I dagens BA opplyser fylkesrådmann Rune Haugsdal at det ikkje er fullt så enkelt å få noko slikt vedteke. Han seier at ei slik bompengeinnkrevjing først må godkjennast av alle kommunane som blir berørt.

– Vertskommunar, andre berørte kommunar og fylkeskommunen må fatte eit vedtak som gir prinsipiell tilslutning til ei bompengefinansiering, før Statens Vegvesen utarbeidar ein bompengesøknad, seier Haugsdal.

Han seier vidare at ei førehandsinnkrevjing skal vere tidsavgrensa, og kan maksimalt føregå i tre år før Stortinget må gjere vedtak om å gå vidare med prosjektet. I tillegg må det vere ein konkret plan for kva bompengane skal brukast til dersom Hordfast ikkje skulle bli ein realitet.

- Annonse -

BA har også snakka med Marthe Hammer (SV), som er nestleiar i komité for miljø og samferdse. Ho er sterkt kritisk til forslaget til Halleraker.

- Annonse -
- Annonse -

– Svaret fra fylkesrådmannen stadfestar at utspelet til Øyvind Halleraker ikkje har nokon som helst politisk forankring. Det er klart for alle at han snakkar for seg sjølv og NHO. Ikkje fylkeskommunen eller kontaktutvalet, seier Hammer til avisa.

Ordføraren på Stord, Gaute Epland (Ap), har tidlegare sagt seg positiv til initiativet.

- Annonse -