- Annonse -

– Me tok forslaget nærast som ein spøk, seier jordmor og tillitsvalt ved Haugesund sjukehus.

Styretmøtet til Helse Fonna vedtok førre veke eit mål om at fødekapasiteten ved Stord sjukehus skal utnyttast betre. Dette skal gjerast ved å legge til rette for at fleire normalfødslar i heile helseføretaket blir lagt til Stord.

Men på Haugesund sjukehus er skepsisen stor mot å sende gravide Haugesund-kvinner til Stord sjukehus, i følgje jordmor og føretakstillitsvalt Hildegunn Enge. Til Haugesund Avis seier ho at dei tilsette nærmast ikkje tok forslaget seriøst.

Frykter nervøse fødande

– Me tok forlsaget nærmast som ein spøk. Eg trur få gravide i Haugesund vil ønske å dra til Stord for å føde. Dei normale fødslane er som regel fleirgangsfødslar og dei går ofte raskt. Dei synest det er langt nok å kome seg til sjukehuset i Haugesund. Eg trur det vil gjere dei nervøse om dei vil dra til Stord, seier ho.

Enge seier til avisa at ho trur forslagt vil skape mistrivnad på fødeavdelinga i Haugesund om fleire normalfødslar blir lagt til Stord.

– Fagleg sett er dei normale fødslane ein viktig trivselsfaktor, det er det jordmor har ansvar for aleine. Gjer dei dette veit eg ikkje om eg vil ha denne jobben lenger.

- Annonse -

Meir sprengt i Haugesund

Styreleiar i Helse Fonna, Kjell Arne Svendsen, forklarte til Stord24 førre veke at forslaget handlar om å utnytte kapasiteten ved Stord sjukehus.

Han trekkjer fram at det er viktig for Helse Fonna å utnytte all ledig kapasitet på sjukehus. For nokre år sidan var det 600-700 årlege fødslar på Stord. No ligg talet på 500, grunna strengare krav til normalfødslar for nokre år sidan, som gjorde at Stord sjukehus måtte sende fleire fødande til Haugesund.

– Me ser at det i forhold til økter og bemanning er meir sprengt i Haugesund enn på Stord. For å utnytte ressursane kan me avlaste Haugesund ved å sende dei til Stord.

- Annonse -