Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen, som er ein kjenning av politiet, blir politimeldt etter å ha avfyrt mange skot med ein startpistol.

Politiet fekk fleire telefonar frå folk i Sagvågsområdet onsdag kveld om at dei hadde høyrt skot bli avfyrt.

– Det var fleire som melde frå om at dei hadde høyrt skot. Me fekk først fleire telefonar først, og så har politiet snakka med meldarane i området. Då høyrte også patruljen skot, og har nøsta seg fram til kor dette kom frå, seier operajonsleiar Victoria Hillveg i Sørvest politidistrikt.

Politiet kom fram til bustaden til mannen i 20-åra etter kort tid, og fann då ut at han hadde avfyrt skot med ein startpistol.

– Det var ein person politiet veit kven er frå før, og det var ikkje noko dramatisk rundt møtet, fortel operasjonsleiaren.

– Var det nokon som var blei truga av denne startpistolen?

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har ikkje fått inn noko melding om at det er andre som har vore til stades, så me har ikkje hatt forståing av at det har vore ein trugselsituasjon.

Mannen vil bli politimeldt for avfyringa av skota, men blir ikkje framstilt for varetektsfengsling. Sjølv om ein startpistol i utgangspunktet er ufarleg, seier operasjonsleiaren at han truleg vil bli politimeldt for brot på våpenlova.

– I utgangspunktet så er dette regulert på same måte som ein vanleg pistol, dersom du brukar eit våpen på ein slik måte at det framkallar frykt.

Politiet fekk dei første meldingane om skytinga i 20.30-tida, og fekk kontroll på mannen klokka 21.20-.

- Annonse -