- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det hardtslåande rockebandet frå Jæren skal spele konsert på Tysnessåto.

– Det er utrulig kjekt å vera med på utfordringa, og me får som ein av svært få arrangørar i 2019 lov til å setja opp Skambankt – «Unplugged». Og ikkje nok med det. Me får kjøra konserten på Tysnessåto!

Det opplyser ein nøgd festivalsjef Øystin Vaage i Tysnesfest.

Han opplyser at tradisjonen med såtekonsert under Tysnesfest blei faktisk starta med rock, då Oslo Ess spelte for 650 publikummarar i 2014.

– Sidan den spede begynnelse har publikumstalet auka gradvis, og dei siste åra har det kome svimlande 2 400 publikummarar til Såto! Alt ligg til rette for at det blir folksomt til fjells i år og, seier Vaage.

Rockebandet Skambankt sin «unplugged»-konsert er eit resultat av at bandet no har bestemt gje seg sjølv ei utfordring; Spela inn album og tolka seg sjølv med eit akustisk utgangspunkt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Frøet blei sådd for nokre år sidan på ein veldedigheitskonsert på Bryne. Her takka Skambankt for aller fyrste gong ja til å spela sine låtar med akustiske instrument. Konserten vart svært godt motteke både blant publikum og band, og dei bestemte seg same kveld for at dei måtte gjera noko meir med denne ideen, opplyser festivalsjefen.

– Dei aller fleste låtane til Skambankt blir til på ein kassegitar, så då er det ikkje heilt unaturleg at dei vil funka i ei anna drakt enn den folk er blitt vane med å høyre.

Men dei rockefrelste bør ikkje bekymre seg over at det ikkje blir noko hardtslåande lydbilete. Skambankt skal nemleg også spele ein vanleg konsert, som på ingen måte er «unplugged» på Gjerstad arena fredag 12. juni.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -