Stord vidaregåande skal dei neste vekene innom fleire av FN sine klimamål. Her er dei synt fram på FN-bygninga i New York. Foto: FN
- Annonse -

Føredrag, filmframsyningar, konsertar og solidaritetsdag står på programmet når Stord vidaregåande skule går i gang med «berekraftsveker».

Stord vidaregåande skule kallar seg sjølv ein FN-skule og samarbeider med FN-sambandet og Den naturlege skulesekken om undervisningsopplegg om FN sine berekraftsmål.

– Me vil prøve ut dette prosjektet over tre år. I år er det samfunnsfag og naturfag som i størst grad utforskar det tverrfaglege. I tillegg vil alle delta på eit eller fleire fellesarrangement rundt berekraftprosjektet vårt, skriv prosjektgruppa.

Berekraftsmåla betår av 17 ulike punkt, som til dømes utrydding av fattigdom, jobbe for utdanning for alle og likestilling mellom kjønna. Arrangementa som skal haldast på Stord kjem innpå fleire av desse måla.

Ein klasse på studiespesialisering skal ha rollespel om radikalisering og valdeleg ekstremisme i kommunestyresalen. Det vert ein presentasjon av lokal teknologi i verdsklasse med NCE Maritime CleanTech, og det vert føredrag om livet under vatn.

Dei tradisjonelle solidaritetsdagane, som skulen held årleg, vi i år inngå i dei nye berekraftvekene. Sjølve aksjonen vil skje 8. februar, og på kvelden vil musikklinja halde ein solidaritetskonsert i konsertsalen på skulen. Pengane denne dagen går som før til Stord sin venskapsby Comalapa.

- Annonse -

– Både arbeidet vårt rundt psykisk helse og Solidaritetsaksjonen høyrer til i berekraftperspektivet. Difor er Solidaritetsaksjonen vår ein del av Berekraftvekene våre i 2018, skriv skulen.

Berekraftvekene vil bli avslutta med ein berekraftsmarsj gjennom Landåsen 14. februar. Arrangementet er ope for publikum.

Dette er FN sine berekraftmål: