Foto: Equinor
- Annonse -

NCE Maritime CleanTech inviterer til lansering av grøn verdsnyheit denne veka.

Om bord på Eidesvik sitt offshorefartøy «Viking Energy» i Bergen, skal det torsdag denne veka lanserast ei nyheit innan grøn skipsteknologi som vil vere i verdsfronten.

Det er Stord-klynga NCE Maritime CleanTech, som i lag med Eidesvik og Equinor, som inviterer til pressekonferansen.

– Me har gleda av å invitere til lanseringa av ei verdsnyheit innan grønn skipsfart, skriv pressekontakt Marie Engelsen Launes i NCE Maritime CleanTech.

Ho opplyser at klima- og miljøminister Ola Elvestuen vil delta på lanseringa.

- Annonse -

Måndag meldte Eidesvik Offshore at dei har sikra seg ein langtidskontrakt med Equinor på fem år. Kontrakten vert signert april 2020.

- Annonse -
- Annonse -

Skipet «Viking Energy» har også tidlegare vore i front når det gjeld utviklinga av grøn skipsteknologi. Med Enova-støtte blei det installert batteripakke om bord på skipet i 2017.

Forsøket var vellukka, og førte til 30 prosent reduksjon i drivstoffutgiftene når skipet held seg på plass ute i havet.