MF Samnøy har kurs mot ferjekaien. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

Onsdag i neste veke skal alle dei fem ferjene til Torghatten Nord bli døypt.

Aldri før har fem ferjer blitt døypt på løypande band, samtidig som dei går i normal rute, skriv Torghatten Nord i ei melding.

– Det er viktig å få døypt alle ferjene på tradisjonelt vis, men samtidig skal me sørgje for å få folk over Bjørnafjorden til oppsett rutetid, seier administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen.

Ferjene som no skal døypast, er MF Flatøy, MF Færøy, MF Huftarøy, MF Samnøy og MF Lysøy, som alle har blitt levert frå verft i Tyrkia i løpet av det siste året. Ferjene har fått namn etter øyar  i kommunane Tysnes, Fitjar, Austevoll, Fusa og Os.

Halhjem – Sandvikvåg er Norges tredje største ferjesamband, og Torghatten Nord overtok drifta av sambandet på nyåret. Etter ein svært turbulent start, med mange rutekanselleringar, er selskapet no glad for å ha kome i siget.

– Me overtok dette sambandet 1. januar i år, og me vil at dette skal bli ein festdag på alle måtar. Publikum skal merke at dette er ein stor dag for oss og samtidig skal dei merke at me er svært opptekne av å halde ein tett ruteproduksjon, seier Torkildsen.

- Annonse -

Dei nye ferjene er drivne av ein kombinasjon av LNG-gass og batteri. Dei er bygd med eitt stort bildekk, som i følgje Torghatten sørgjer for ein effektiv og trygg ombord- og ilandkøyrinig.

Ferjene vil bli døypt på Halhjem ferjekai onsdag 9. oktober. I løpet av knappe to timar vil alle ferjene bli døypt, etter kvart som dei kjem inn til kai.

- Annonse -