Snart blir det parkeringshus på Nattrutekaien for framtidige leigetakarar i Borggata Futurum. Foto: Google maps
- Annonse -

Kirkens Bymisjon og sentralen til Stord Taxi må finne seg nye lokale når gateplanet i Borggata Futurum blir gjort om til parkeringshus.

– Planen vår er å lage ein garasje på gateplanet. Me ser at skal me få til noko i sentrum så er me heilt avhengig av å få på plass parkering. For å skaffe oss leigetakarar må me gjere dette grepet. Me vil få på plass mellom 50 og 60 nye parkeringsplassar, seier Kurt Arne  i Tyse.

Kurt Arne Tyse har kjøpt Borggata Futurum saman med Thore Liverød. Foto: Fronta

Dermed må leigetakarane Stord Taxi og Kirkens Bymisjon ut av lokala på Nattrutekaien.

– Me jagar ingen på dør, men me er i ein open dialog for å gjere dette på ein god måte for alle partar. Dette er ikkje noko som hastar, seier Tyse.

– Keisamt å flytte

Dagleg leiar i Stord Taxi, Anja Kannelønning, synest det er keisamt at dei må flytte ut av lokala kort tid etter at drosjesentralen flytta inn.

- Annonse -

– Me har jo visst ein stund at me måtte flytte ein gong, men ikkje kva tid. Det er jo litt keisamt at me må flytte no når kundane endeleg har funne ut kvar me er hen. Så det blir litt bale å begynne på ‘an igjen.

– Me prøvar å ta kontakt med dei som kan ha ledige lokale i sentrum. Men det er jo parkeringa som er problemet for oss. Me er jo avhengige av å ha ein plass å setje bilane.

Vil samlokalisere

Dagleg leiar i Kirkens Bymisjon, Arne Valen, er ikkje like bekymra over at dei må ut.

– Lokala er litt i største laget for oss. Sidan me ikkje lenger har verkstad med brukthandel så treng me ikkje så mykje plass.

Bymisjonen har sendt eit brev til kommunen der dei føreslår å finne lokale saman med LAR-programmet Maris, som også må flytte frå Borggata Futurum grunna oppussinga.

– Me er jo veldig nøgd med samarbeidet me har med Maris, og me har felles brukargrupper. Så det hadde vore stor nytte i å vere i nærleiken av kvarandre. Difor ønskjer me å sjå på moglegheita for samlokalisering. Her er det jo også høve til å få ein økonomisk fordel for fellesfunksjonar som garderobe, kjøkken og lager, seier Valen.

I full gang

Det var tidlegare  i haust at Kurt Arne Tyse kjøpte Borggata Futurum saman med Tore Liverød. Investorane har store planar om å pusse opp lokalet for å gjere dei om til attraktive kontorlokale i Leirvik sentrum.

– Me er i gong med oppussinga og jobbar med strukturen både på fasadenivå og innvendig for å oppgradere bygget til topp moderne kontor. Me er i dialog med både eksisterande og nye leigetakarar, seier Tyse.

Han reknar med at heile Borggata Futurum vil bli ferdig rehabilitert i løpet av fem år.

Fasaden i Borggata Futurum vil bli pussa opp for å gjere lokala til moderne kontor. Foto: Jonas Sætre/Stord24