Geir Angeltvei. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Geir Angeltveit skal vere med i juryen til Hordaland fylkeskommune sin årlege pris som skal gå til den som har gjort mest for å betre miljøet.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris skal vere til heider for einskildpersonar, lag og verksemder som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk.

På nettsidene sine melder dei at Venstre-politikar Geir Angeltveit frå Stord er ein av tre personar som sit i juryen som skal bestemme kven som skal få tildelt prisen.

I fjor var det Kennteh Bruvik som fekk prisen på bakgrunn av sitt arbeid med å få i gang strandrydding og rette søkelyset på marin forsøpling etter at ein etter kvart verdsberømt kval med buken full av plast stranda på Sotra.

No vil fylkeskommunen ha tips til kven som er verdige mottakarar av prisen på 50.000 kroner til neste år.

– Prisen er heilt open. Det har alltid vore breidde i type saker som har fått prisen tidlegare, og me ønskjer alle type nominasjonar, men dei nominerte må ha gjort noko for å forbetre miljøet i Hordaland, seier rådgjevar Tale Halsør i fylkeskommunen.

- Annonse -