Foto: Aker Solutions
- Annonse -

Ein person har fått skadar i skulder etter fall frå låg høgde på Kjøtteinen.

Klokka 17.32 litle julaftan fekk naudetatane melding om ei fallulukke ved Aker Solutions sitt verft på Stord.

– Politiet på staden saman med ambulanse. Ein person blir behandla etter fall frå låg høgde, melder Sørvest politidistrikt.

Det vert opplyst at personen skal ha blitt skada i ein skulder.

Litt seinare på kvelden kjem politiet med ei oppdatering om at arbeidsuhellet framstår som lite alvorleg.

– Det blir ikkje oppretta politisak, då uhellet ikkje framstår alvorleg.

- Annonse -