Ei kvinne har fått alvorlege skader i ein finger.
Klokka 14.15 fekk politiet melding om at det hadde skjedd eit arbeidsuhell på Fitjar.
– Ein person skal ha skada handa si, opplyste Sørvest politidistrikt.
Seinare oppdaterer politiet meldinga med at det er ei dame som er blitt skada.
– Det er meldt om brot i handledd og skada finger. Skaden har skjedd i ein dreiebenk, opplyser politiet.
Operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sørvest politidistrikt seier at kvinna har blitt frakta til sjukehuset med luftambulanse.
– Det kan vera fordi det er snakk om alvorlege skadar i fingeren. Men eg vil ikkje spekulera i det.
Politiet skriv på Twitter at arbeidsulukka har skjedd ved Fitjar Mekaniske Verkstad. Det kan Hrafn Thorsteinsson ved Fitjar Mekaniske stadfesta.
– Ulukka har skjedd hos oss. Det eg kan seia er at dreiebenken er heilt ny og personen som har jobba på den har fått opplæring i å bruka den, seier Thorsteinsson.