- Annonse -

Vi har tru på at dei grepa regjeringa har teke gjer at utdanninga og studiet på Stord er robust for å møte framtida sine krav til utdanning, skriv Liv Kari Eskeland.

Av: Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant (H)

Tysdag 28. november fekk vi vera med på ei flott markering av dei første 40 åra for sjukepleieutdanninga på Stord. Gjennom desse åra har institusjonen utdanna 2537 sjukepleiarar der svært mange av desse har bidrege med god sjukepleie i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta i regionen. I tillegg har mange gjennom etterutdanningssystemet fått tilført ny kunnskap, noko som har vore viktig for å for å handtere stadig nye oppgåver for ei yrkesgruppe som heile tida er i utvikling og endring. Ser ein vidare inn i glaskula står framleis utdanninga i endringa sitt teikn, for det er essensielt at utdanninga speglar det samfunnet den er sett til å levere gode sjukepleiarar til.

Kort oppsummert kan vi seie at vi står ovanfor føljande samfunnsutfordringar:

Det vert auka trong for spesialisert eller utvida kompetanse innan området.

Fleire pasientar treng hjelp og gjerne meir omfattande hjelp enn tidlegare. Det er auka bruk av teknologiske hjelpemiddel, og meir avansert teknologi vil krevje ein annan kompetanse. Dette fordi medisinsk teknologi, forsking og innovasjon aukar endringstakta. Og sist men ikkje minst vil høgare krav og forventningar frå pasientane gjera seg gjeldande.

- Annonse -

Personell, utdanning og kompetanse er kritisk viktige innsatsfaktorar i arbeidet med å skape pasienten sine helsetenester og for å gje gode og trygge helsetenester.

Sjukehusa rapporterer samstundes om endra kompetansebehov og store trong for anna type fagkompetanse innan m.a. realfag, IKT, logistikk og ulike støttetenester.

Kompetanse går ut på dato, vi må stadig tenke innovativt og nytt, førebu oss på samfunnsendringar og teknologiske framsteg. Og det overordna spørsmålet vert: korleis bør framtida si sjukepleieutdanning vera? Korleis kan vi sikre at vi greier å få på plass ein kompetanse som vil gje framtida sin sjukepleiar god nok kunnskap om dei arbeidsoppgåver vi ikkje i dag heilt greier å sjå kva er? Som i andre yrke er kanskje evne og vilje til endring grunnleggjande viktig. Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap. Vi må ha ei utforskande haldning. Vi må utvikle det tenkande og kritisk nysgjerrige mennesket. Vi må lære for ei ukjend framtid. Vi må utvikle det problemløysande mennesket.

Utdanninga må i dette biletet vera i kontinuerleg utvikling. Forsking og utvikling av faget må gå parallelt med samfunnsutviklinga.

Fleire har gjort forsøk på å estimere trong for tal sjukepleiarar i framtida. Desse spriker også, alt kjem an på kva parameter ein legg til grunn. SSB anslo i 2012 at det er en manko på ca. 28.000 sjukepleiere i 2035 med dagens utdanningsnivå.

Dersom ein berre tek befolkningsutviklinga, der ein ser på kor mange fleire 70 åringar vi er 20 år fram i tid. Då legg vi dagens teknologi, medisin, sjukdomsbilete og demografiutvikling til grunn. Men – gjer me jobben rett no, vil fleire 70-åringar i 2035 høgst truleg stå i arbeid og ikkje vera avhengig av helsetenester på same måte som ein 70 åring er i dag. På den andre side: på svensk TV vart det påstått at inntil 50% av sjukepleierarbeidet kan bli erstatta av robotar.

Det viser at det er mange anslag og mange prognoser. Det som er sikkert er at ingen av desse vil slå til. Samstundes reiser dette ein anna debatt som vi også må ta, og som ligg som ein raud trå frå Florence Nightingale og fram til i dag: Sjukepleiaren som medmenneske og den som evnar med empati og kjærleik å lækje på ein måte robotar aldri vil kunne gjera. Dette askektet må ikkje få drukne i den teknologiske utviklinga. Samstundes vert medisinen stadig meir kompleks og spesialisert og dette vil også gjenspegle seg i spesialisering av sjukepleiarar som vil auke både i tal spesialitetar og tal sjukepleiarar.

Det vil vera ei teknologisk og medisinsk utvikling som gjer at vi om ti år vil ha heilt andre utfordringar enn dei vi ser i dag. Ved å sjå tilbake i tid kan vi ane at framtida vil gje andre svar. Der ein tidlegare vart lagt inn ei veke for eit inngrep, vert i dag utført poliklinisk på nokre timar. Det viser oss at det vi må sikre er kunnskap og kompetanse innen endringsvilje og tverrfaglig samhandling.

I tillegg vil vi truleg sjå at pasienten sjølv, med dagens og framtida sin teknologi, i større grad vil kunne ta ansvar for eiga helse. Utføre måling og testing som vi i dag får utført hjå helsepersonell. Kronikarar vil i større grad kunne gjera eigne vurderingar basert på apparat med enkle bruker grensesnitt.

Ny teknologi vil utfordre sjukepleiaren sin nye arbeidskvardag. Å jobbe tverrfagleg vil vera heilt nødvendig for å kunne nå kompetansemåla.

Regjeringa har i dette biletet teke to vesentlege grep. Det eine er å stille krav til meir robuste høgskular som vil sikre fagleg tyngde og eit kompetansenivå som vil styrkja utdanninga. Det vil gje studenten og undervisningspersonale betre kunnskap gjennom større fagmiljø og kontinuerleg utvikling, og syte for at institusjonen vil utdanne sjukepleiarar som er klar for å møte framtida.

Av dette har høgskulen på Vestlandet vakse fram, og prosessar for å finne den endelege struktur er godt i gong.

Det andre grepet som er teke er å sette karakterkrav for å kome inn på studiet, både til norske og matematikk (frå hausten 2019). Dette vert støtta både av studentorganisasjonar og sjukepleieforbund. Sjansen for å gjennomføre studiet vert større når studentane har eit minimumsnivå på karakterskalaen frå vidaregåande skule i botn. Målet er å styrkje kvaliteten på utdanninga og tenestene sjukepleiarne utfører.

Karakterkrav i matematikk kan bidra til å styrke studentane sin kompetanse på medikamenthandtering, noko som er avgjerande for pasienttryggleiken.

God kommunikasjon på norsk er svært viktig i kommunikasjonen med pasientar. Saman med kravet til karakter i matematikk, vil dette gje betre sjukepleiarar og betre tryggleik for pasientane. Det vil vidare bli vurdert om same karakterkrav også skal gjelde for engelsk.

I tillegg vert 350 mill. kroner ytt til grunn-, videre- og etterutdanning av tilsette i omsorgstenestene i 2018. Samla er det framlegg om å sette av omlag 1,5 mrd. kroner til Kompetanseløft 2020.

Sjukepleieutdanninga på Stord har vore heilt avgjerande for å få utdanna nok kvalifiserte sjukepleiarar til regionen desse 40 åra. Med sin «nye» arena på Campus Rommetveit har dei fått det beste grunnlag for å møte den verkelegheita dei har utdanna seg til. No er institusjonen klar for å ta eit skritt vidare. No vert dei del av sjukepleiarutdanninga på Vestlandet. Vi har tru på at dei grepa som er teke gjer utdanninga og studiet robust for å møte framtida sine krav til utdanning her på Stord, og ser fram til nye 40 år som skal sikre ein jamn straum av kvalifiserte og dyktige sjukepleiarar som vil fylle alle dei stillingane som det vil vera trong for i framtida. HVL har alle moglegheiter til å ta ein posisjon som den føretrukne utdanningsinstitusjon innan området.

Dei kan, saman med helseinstitusjonane våre, setja seg i førarsetet for framtidsretta og god utdanning for studentar som etter kvart kjem ut i kommunar og spesialisthelsetenesta.

Me ønskjer lukke til i dette viktige arbeidet.

- Annonse -