Viruset vart påvist i test nummer to.
Stord kommune melder torsdag at sju utanlandske arbeidarar ved Aker Solutions har testa positiv for Covid-19.
Dei var alle i pålagt karantene.
– Isolerte og utan symptom, melder kommunen.
Førre gong det vart rapportert om smitte blant arbeidarane tilknytt verftet var torsdag i førre veke. Då fekk ni personar påvist smitte.
Same dag vart også ei kvinne i 30-åra registrert smitta etter utanlandstur. Desse totalt 13 tilfella er alle som så langt har blitt påvist i Stord kommune i år.
Det totale smittetalet i kommunen er no 201. Framleis er to personar med påvist Covid-19 innlagte ved Stord sjukehus, ifølgje Helse Fonna. Ingen får intensivbehandling.