Leirvik AS. Foto: Leirvik AS
- Annonse -

Tre av desse jobbar på Leirvik AS. Stord kommune fortel om eit smittesporingsarbeid med eit enormt omfang.

Det har dei siste dagane vore ei kraftig i talet på koronasmitta personar i Stord kommune. Heile 15 personar skal ha fått påvist viruset i løpet av torsdag og fredag.

Berre i løpet av fredag så mottok kommunen positivt prøvesvar for ni stordabuar.

– Åtte av desse er knytt til smittesporing kring éin mann som fekk svar torsdag. Dei er nærkontaktar og arbeidskollegaer, tre av dei ved Leirvik AS, opplyser kommunen.

Den siste av dei smitta stordabuane har til no usikker smittekjelde.

Omfattande sporingsarbeid

I tillegg til dette blei i løpet av fredag meldt om tre smittetilfelle blant utanlandske arbeidarar som jobbar for Kværner. Dei er isolerte og nærkontaktar er i karantene.

- Annonse -

Som Stord24 melde torsdag fekk ein dørvakt ved utestaden Sjøhuset påvist korona. Stord kommune meldar om eit omfattande sporingsarbeid.

– Dette har løyst ut eit omfattande sporingsarbeid med mange i karantene, og 190 nærkontaktar er testa siste døgeret. Ein del bur i andre kommunar og vert følgde opp der, melder Stord kommune.

Foto: Sjøhuset

Ingen gjestar med positivt prøvesvar

Så langt er det ingen av gjestane ved utestaden som har motteke positivt prøvesvar.

– Mange vart testa alt i går kveld, men det er ikkje kome inn positive svar kring dette tilfellet.

Sunnhordland skriv fredag kveld at éin elev ved Stord vidaregåande skule har fått positivt prøvesvar.

Til no har 58 personar testa positivt i Stord kommune. Om lag halvdelen er knytt til utanlandske arbeidarar i Kværner.  Kommunen opplyser at de ikkje er kjent med at nokon har vore alvorleg koronasjuke sidan sommaren.