Foto: Fitjar Mekaniske
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Båten MS Taupiri blei tysdag løfta på sjøen utanfor Fitjar og er snart klar å bli overlevert til Bømlo-reiarlaget Napier.

Sjøsettinga blei utført med hjelp av tungløftefartøyet «HLV Uglen» som er eigd av Ugland Shipping AS.

– Kranfartøyet kan løfte opp mot 800 tonn, og hadde ingen problem med gjennomføring av sjøsettinga. Det var godt samarbeid mellom mannskapet på Uglen og folk frå Fitjar Mekaniske, skriv verftet på Fitjar i ei pressemelding.

«MS Taupiri» er søsterskip av «MS Taupo» som ble overlevert til rederiet Napier AS i januar 2019.

Prosessbåt designserien er eit samarbeid mellom Napier AS, Fitjar Mekaniske Verksted AS og Heimli AS, og består av skipsdesign med ulik funksjonalitet/kapasitet, bruksområde og størrelse.

- Annonse -

– Det er alltid spennande med sjøsetting, og det er ei god kjensle når ein ser båten flyte fint på sjøen. Det er godt med alt som er gjort, seier projektleiar Åsmund Sjøfonn i Fitjar Mekaniske.

- Annonse -
- Annonse -

«Taupiri» skal etter planen vere ferdig i juli 2019, og har allereie inngått kontrakt med Mowi ASA, tidligere kjent som Marine Harvest. Båten skal avlive, bløgge og frakte laks til slakteri for Mowi i region Sør, Midt og Nord.

Foto: Fitjar Mekaniske
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -