Foto: Thomas Hjelmen/Stord lufthamn
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit fly av typen Antonov An-28, på veg til det kriseråka landet Venezuela, mellomlanda i dag på Stord lufthamn Sørstokken.

Mannskapet på Stord lufthamn fekk seg eit svært sjeldant besøk måndag, då flyet Antonov An-28 kom inn for mellomlanding i snøvêret.

Stord lufthamn melder at flyet kom frå Örebro i Sverige, men at turen opprinneleg starta i Ukraina.

På veg til Venezuela

Mannskapet om bord på flyet, som vart bygd i 1991, fortalde at flyet skal leverast til Venezuela, landet som for tida er råka av djup økonomisk krise. Kva det skal nyttast til der er uvisst.

– Med andre ord er det eit stykke igjen av turen, som vil ta fly og mannskap innom Færøyane, Grønland, Canada og USA før dei når destinasjonen, skriv Stord lufthamn.

- Annonse -

Flytypen Antonov An-28 vart konstruert i Polen av flyfabrikken PZL Mielec, som var storprodusent av fly for Sovjetunionen etter Andre verdskrigen.

- Annonse -
- Annonse -

Det første Antonov An-28-flyet kom på vingene i 1969, men vart ikkje teke ordentleg i bruk før i 1986. I følgje Wikipedia er det blitt produsert 191 slike fly. Berre 16 av desse var framleis i drift i 2015.

Flyet dekorerte eit sovjetisk frimerke frå 1979. Foto: Wikimedia Commons

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -