- Annonse -

Skrekkfilmskaparen frå Stord vil gjere det til ein tradisjon å gi ut ein slik film kvar Halloween.

Midt i det omfattande klippearbeidet til spelefilmen «Lyst», som hadde premiere i vår, begynte filmskapar Severin Eskeland å bli rastlaus.

– Eg var midt i klippinga på «Lyst», hadde vore framføre dataen i mange månadar og var rett og slett dritlei. Eg måtte gjere noko før eg gjekk på veggen. Då bestemte eg meg for å skrive eit kort manus med Halloween som tema.

Sjå filmen øvst i saka!

– Mamma likte den

Kortfilmen hadde premiere på Tysvær Skrekkfest og på festivalen Ramaskrik for nokre veker sidan. I slutten av november skal den visast på skandinavias største skrekkfilmfestival i Finnland.

- Annonse -
- Annonse -

– Alle som har sett filmen seier dei har kost seg. Det braut jo ut høglydt latter i Tysvær, og når til og med mamma seier at filmen er bra så må eg ha gjort noko rett, seier Eskeland.

Marita Fjeldheim Wierdal frå Haugesund og Martin Gerhardsen frå Stord er skodespelarar i kortfilmen. Severin sin bror, Ståle Eskeland, er i rolla som bloddryppande soldat. Filmen speler på skrekkfilmtradisjonane, men har ein overraskande plot twist i slutten.

- Annonse -

– Eg sit jo og tenkjer på korleis ein kan vri dette totalt om slik at folk skal tru ein ting men så skjer det noko heilt anna. Det er jo dette som er spennande med å lage film.

Skal bli serie

Kortfilmen, som Severin brukte åtte timar på å filme, skal vere den første i ein serie med skrekk-kortfilmar som skal visast rundt Halloween dei neste åra.

– Me skal prøve å få til noko sånt kvar gong i året, som me skal sleppe rundt Halloween. Me skal lage ein liten tradisjon ut av dette. Det er jo gysla gøy og me held oss aktive og får jobbe med dramaturgi og fiksjon, seier Eskeland.

Men hovudprosjektet til filmskaparen er for tida å planlegge neste store spelefilm.

– No driv eg å skriv på ikkje mindre enn tre forskjellige manus, og eg skal på befaring om nokre veker på eit gammalt hotell. Eg kan ikkje seie så mykje meir enn det, men det ligg mykje i dei orda der. Håpet er at me skal i gong med ny spelefilm i 2018. Om det går eller ikkje kjem heilt an på størrelsen på prosjektet, seier den produktive filmskaparen.

- Annonse -