Ordføraren vart boren på gullstol av klubbleiar Amram Hadida og Sigurd Sævareid. Foto: Gaute Epland
- Annonse -

Tradisjonen tru vart det i dag storstilt kakefeiring av den nye storkontrakten til Kværner.

Godt over 2000 Kværner-tilsette var samla i ein av verkstadhallane i dag for ein skikkeleg feiring av Johan Castberg-kontrakten, som vart tildelt tysdag.

Forutan rockeshow ved Ole André Westerheim med band, og kaker til dei tilsette vart det halde fleire talar. Verftssjef Steinar Røgenes, ordførar Gaute Epland (Ap) og Statoil sin representant, Trond Ove Lerøy, som er byggeleiar for Johan Sverdrup-prosjektet, var dei som talte i verkstadhallen.

– Me veit at Kværner er gode

– Me er veldig glade for at Kværner har fått denne jobben, og ikkje minst at dei har vunne den med tanke på at dei leverer stabilt bra på prosjekta. Kværner er ein aktør som me veit er gode, og som leverer på alle milesteinar, sa Statoil-representanten.

Byggeleiar for Johan Sverdrup-prosjektet, Trond Ove Lerøy frå Statoil kom med rosande ord om Kværner. Foto: Lars Melkevik

Lerøy gjorde eit poeng ut av opphavet til Johan Castberg-namnet under tala.

– Johan Castberg var ein statsråd som var med å lage lovene om heimfallsretten og prinsippet om at fellesskapet skal eige naturressursane. Det er jo midt i blinken med plattformutbygginga i Barentshavet, der det er fellesskapet som får gode av desse ressursane på grunn av at Castberg laga desse lovane.

Femte Statoil-prosjektet på Stord

- Annonse -

Statoil har aldri hatt så mange store prosjekt på Stord som dei siste åra. Tek me med Hywind-vindmøllene, Njord-oppgraderinga, Johan Sverdrup, Aasta Hansteen så er Johan Castberg det femte større Statoil-prosjektet i løpet av få år.

– Me er ein heil gjeng med Statoil-folk her no, og me er veldig nøgd med å vere på Stord. Me hjelper kvarandre og har gode synergieffektar. Når me har så mange prosjekt oppfattar me at Kværner ser på oss som ein felles bedrift der me er førutsigbare på alle prosjekta, seier Lerøy.

Godt over 2000 Kværner-tilsette hadde møtt opp til feiringa av Johan Castberg-kontrakten fredag. Foto: Lars Melkevik
- Annonse -