Det rista godt når dei tre helikopterane med doble motorar flaug forbi Stord lufthamn i morgontimane måndag. Foto: Stord lufthamn
- Annonse -

Tre britiske militærhelikopter utførte ein såkalla lowpass over Stord lufthamn i dag tidleg.

– Dei var på veg frå Sola til Ørlandet. Når dei flaug forbi la dei turen innom før dei haldt fram nordover. Eg vil tippe at dei skulle delta på ei militærøving i nord, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Dei tre britiske militærhelikoptera er av typen Boeing CH-47 Chinook, som først blei utvikla av det amerikanske forsvaret på starten av 60-talet. Det over 15 meter lange transporthelikopteret har eit mannskap på tre og har kapasitet til å frakte opp til 55 soldatar, eller utstyr som små køyrety.

Sjå video frå besøket her:

Lowpass av tre britiske militærhelikopter på Sørstokken i dag :-)#chinook #royalairforce #lowpass #aviation #airport #stordlufthamn

Geplaatst door Stord Lufthamn op Maandag 8 januari 2018

Spontanvitjing

Dagens besøk var ikkje avtalt på førehand.

- Annonse -

– Nei, dette var sånn dei ordna på radioen. Dei får flygeplanar for alt som er på vårt luftrom, så då fekk dei tilbod om å kome innom og besøke oss på Stord.

Myklebust sto sjølv i tårnet under besøket og fekk verkeleg oppleve den krafta frå dei doble motorane frå helikoptera, som også har vore brukt til nordsjøtrafikk i Norge tidlegare.

– Det rista godt i tårnet når dei flaug forbi. Når du har seks rotorar basert på tre helikopter merka me godt at dei var der, for å seie det sånn.

Flyshow til sommaren

Myklebust håpar på at fleire militære luftfarty vil ta turen til Stord 16. juni i sommar. Då vil lufthamna nemleg arrangere eit nytt flyshow.

– Me har sendt førespurnad til forsvaret om å få nokre jagarfly derfrå. Så har me snakka med dei som arrangerer Sola Air Show, og då kan det vere mogleg å få booka Starfighter, det tidlegare jagarflyet i Norge.

Boeing CH-47 Chinook er eit svært vanleg militærhelikopter. Her frå ein operasjon i Pakistan. Foto: US Army