Styreleiar Arne Mæland (tv.), ny dagleg leder Oddgeir Alvsvåg og påtroppande konsernleiar Jakob Særsten.
- Annonse -

Oddgeir Alvsvåg erstattar Jakob Særsten som ny dagleg leiar i det store elektrofirmaet frå Bømlo.

Selskapet opplyser i ei pressemelding at Jakob Særsten, som har vore med på å bygd opp suksessbedrifta frå grunnen, no ønskjer å fokusere på å utvikle LOS Gruppen som konsern.

LOS Gruppen har vekse til å bli det største privateigde elektrofirmaet på Vestlandet, med ein omsetnad på rundt 400 millionar kroner og 225 tilsette. Selskapet har hovudkontor på Bømlo, og i tillegg ein sterk tilstadeverelse i Bergen.

Oddgeir Alvsvåg har til saman nesten 20 års erfaring i LOS Elektro, og har i det siste hatt ansvar for installasjonsavdelinga til selskapet i Sunnhordland. Han har også erfaring frå Siemens, Kværner og Multiconsult.

- Annonse -

– For meg personleg er det ein svært spennande oppgåve å få vere med å utvikle LOS Elektro. Eg har stor respekt for det Jakob og Martin har bygd opp. Det at eg har fått denne tilliten av eigarane og styret i LOS Elektro ser eg på med stor audmjukheit og stoltheit, seier Alvsvåg.