- Annonse -

To jenter frå Tysnes fekk prisen for beste unge skrekkfilmskapar under opninga av Stord skrekkfilmfestival.

Tysdag opna tidenes første skrekkfilmfestival på Stord med prisutdeling i Stord kulturhus. Den beste unge skrekkfilmskaparen skulle kårast.

Fleire lokale ungdommar gjorde ein stor innsats i konkurransen. Men førstepremien gjekk til Nora Stien (17) og Tamara Helland (17) frå Tysnes. Dei er begge elevar på medialinja ved Stord vidaregåande skule, og vann med filmen «Hevn», som du kan sjå øvst i saka.

Nora Stien (17) og Tamara Helland (17) står bak filmen «Hevn». foto: Jostein Sydnes

– Det hadde jo vore gøy å få jobbe med film, men det er kanskje ikkje førsteplanen, fortel jentene.

Publikumar og elev ved media, Orion Kristofer, set stor pris på at gjengen bak filmfestivalen har gitt elevane på media-linja sjansen til å vise kva dei er gode for.

– Eg synest at det er fantastisk bra at me får ein sjanse til å vise fram kva me kan og kva me har lært på media. Me har jo eit veldig bra publikum no med store filmskaparar som kan gi oss ein sjanse i framtida til å vise kva me har lært.

- Annonse -

Mediaelevane Eivind Naassen og Even Notland har laga denne videoreportasjen frå arrangementet på oppdrag for Stord24:

Det er Stord filmklubb i samarbeid med Framtida.no og Sydvest som har gitt elevane sjansen til å delta i konkurransen. Premien for vinnarbidraget var eit kamera.

– Eg tenkjer det kan vere ein plass der ein kan få inspirasjon og ein plass der ein kan møte andre som har dei same interessene, som er å lage film, seier ararngør Svein Olav Langåker.

 

- Annonse -