- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Forstår du korleis den nye miljøgata i Fitjar kjem til å sjå ut? Om svaret var nei, er du ikkje den einaste. Me sat oss ned med prosjektleiar, Roberto Balzer frå Statens vegvesen, og fekk han til å forklara oss planteikninga.

Av: Ingrid Hovstad

I videoen øvst i saka forklarar han kollektivarealet, pynte «rundkøyringa», køyremønster, opphaldsarealet og vegen vidare mot Sandvikvågen.

Ikkje berre ein veg med asfalt

Roberto Balzer kan fortelja oss at det mykje overflatetiltak, og at det vert ein flott standard på det ferdige resultatet.

Prosjektleiar Roberto Balzer. Foto: Ingrid Hovstad

– Ein har lagt mykje arbeid i å laga det fint. Det skal ikkje berre ein veg med asfalt. Dette vert ei sentrumsgate, med flott utsjånad og gode fasilitetar til folka som bur i bygda, og som skal nytta desse, fortel Balzer.

Det er mykje som skal på plass: kollektivterminal, fortau på begge sider, oppgradera Håkonarparken, miljøgate med planter og naturstein, opphaldsplass, belysning, og full oppgradera VA-anlegg.

- Annonse -

Roberto Balzer forstår at teikninga er vanskeleg å forstå, og at det no kan sjå ut som dei berre grev opp sentrum.

– Renoveringa av vatn og avlaup krev mykje graving av grøfter fram til alle bygg. Det same gjeld for kablar og leidningar til veglys osb. Me skal ogso leggja til rette for ladestasjon i sentrum, fortel byggeleiar Øivind Bratthammer.

Dei to menna kan fortelja at arbeidet har gått fint, utan uhell og store problem, men at dei ligg ei lita veke bak skjemaet.

- Annonse -