Hystad skule-rektor Liv Skjønberg skal gå av med pensjon. Her frå opninga av paviliongen på skulen hausten 2016. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Etter fleire tiår i rektorstolen nærmar Liv Skjønberg seg pensjonsalder, og vil gå av som rektor til hausten.

Stord kommune har no lyst ut stillinga som hennar etterfølgjer, og fristen for å søkje på jobben gjekk ut på onsdag denne veka.

Søkjarlista syner at fire personar har søkt på stillinga, tre kvinner og ein mann.

Sjølv om dette ikkje er spesielt mange søkjarar, er det ei forbetring frå dei andre rektorstillingane Stord kommune har lyst ut den siste tida.

Då Stord ungdomsskule såg etter ny rektor i fjor var det berre éin søkjar, og det var to søkjarar til ledig stilling på Litlabø skule i fjor haust.

Her er dei som vil bli ny rektor på Hystad skule:

- Annonse -
  1. Kari Braathen, 43 år frå Stord, assisterande rektor på Tjødnalio skule
  2. Ingrida Gvazdaitiene, 39 år frå Stord, er arbeidsøkjar
  3. Pål Helland, 47 år frå Stord, er i dag assisterande rektor på Hystad skule
  4. Runhild Kjeldsaas, 49 år frå Kvinnherad, jobbar som administrasjonsleiar/lektor