Makeover på Stord sjukehus

Gode bygg er viktig for god behandling. Neste år skal 60 millionar nyttast til bygg og utstyr i heile Helse Fonna. Stord sjukehus har nettopp fått seg ein makeover. Sjå kva som er gjort :)

Posted by Helse Fonna on Tuesday, December 5, 2017
- Annonse -

Helse Fonna har gjort ein betydeleg oppussingsjobb på Stord sjukehus dei siste åra. Her kan du sjå resultatet.

Du har kanskje lagt merke til at eit Stord sjukehus pakka inn i stillas og presenningar. Bakgrunnen er at heile den verna betongfasaden har blitt renovert og over 100 vindauga er blit bytta ut.

Berre i år har Helse Fonna brukt over 11 millionar kroner på Stord sjukehus, mellom anna til utskifting vindauga, taktekking, solskjerming og renovering av murfasaden.

Den nær 50 år gamle skorsteinen er historie.

– Krevjande

Helse Fonna legg ikkje skjul på at det store arbeidet har påverka kvardagen til både tilsette og pasientar.

– Det er krevjande for både medarbeidarar og pasientar med så omfattande arbeid i eit sjukehus i full drift. Utbetringane er viktige å gjere for å sikre god og sikker drift, uttalte administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.

- Annonse -

Kanskje den mest iaugefallande jobben som har gjort i tilknyting til oppussinga er at den høge skorsteinen ved sjukehuset no er blitt fjerna. Skorsteinen var rundt 50 år gammal, og det måtte dermed nokre rundar med Riksantikvaren før ein fekk løyve til rivinga.

Pengane som er brukt på oppussinga er ein del av sysselsetjingsmidlar frå staten.