- Annonse -

Songar og låtskrivar Erik Jørgensen har laga ein idyllisk musikkvideo om foreldra Walter (91) og Marie (88), medan dei nyt den vakre Stord-naturen. 

Sjølv midt i adventstida må det gå an å ta ein lite pustepause og unne seg fem minuttar med idylliske solbilete frå den øya vår.

Musikkvideoen Sol over Sunnhordland har nemleg dukka opp på sosiale media den siste tida. Det er dei to medlemmene frå det lokale Stord-bandet Festus, Erik Jørgensen og Arve Nordhus, som har laga melodi til songen.

Hausten i livet

– Festus er jo vanlegvis berre tull og tøys og rock’n’roll. Denne songen skil seg ut, og handlar om hausten i året og hausten i livet, fortel Eirik Jørgensen.

For å illustrere livets haust fekk han foreldra Marie (88) og Walter (91) Jørgensen frå Leirvik til å stille opp i fri dressur ute i Stord-naturen.

- Annonse -
- Annonse -
Ekteparet Marie (88) og Walter (91) Jørgensen stilte opp i sonens musikkvideo.

– Eg tenkte det passa veldig bra å ha foreldra mine med. Dei elskar jo å vere ute i naturen, så då filma eg dei på nokre plassar som dei trivst godt. Før i tida sprong dei jo overalt til fjells, men no er det jo meir avgrensa kva dei kan klare. Men framleis elskar dei å vere ute på tur. For min del er dette ein hyllest til foreldra mine.

- Annonse -

På videoen kan ein skimte flotte naturperler på Stord som Storavatnet, Vassenden, Kyrkjeberget og Gullbergskogen.

Aker Stord-diktar

Musikkvideoen tek utgangspunkt i ein tekst skriven av tidlegare Aker Stord sin husdiktar Gustav Rasmussen. Rasmussen var arbeidsleiar på verftet, og er i følgje Wikipedia vidkjend for dei små humoristiske dikta, eller morgonsteva som han kvar morgon sender ut til hundrevis av tilsette.

– Denne teksten er ein del av samlinga med morgondikt han framførte då han jobba på Aker Stord. Då hadde han eit nytt dikt kvar dag, seier Jørgensen.

Elles fortel Jørgensen at han har planar om å lage fleire musikkvideoar når no han snart blir pensjonist frå jobben i selskapet The Switch, og håpar også å skape nytt liv i bandet Festus.