- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Skrekkfilmregissøren frå Stord er igjen aktuell med nye grøss. 

Det byrjar så smått å bli ein tradisjon rundt Halloween-tider at Severin Eskeland lagar skrekk-kortfilmar. I haust er det «Heimkomsten» som står for tur.

Kortfilmen vart laga for nokre veker sidan, og vart vist på Tysvær skrekkfest i førre veke.

Regissør Severin Eskeland.

– Planen var at den berre skulle visast der, men filmen blei også vist på festivalen Ramaskrik i Oppdal, seier Eskeland.

Sjå filmen øvst i saka!

Kortfilmen skal også visast i forkant av den siste Halloween-filmen både på Stord og i Fitjar, fortel den produktive filmskakaren.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er ganske gøy at festivalar vil vise ein film som me har laga på ein kveld.

- Annonse -

Eskeleland fortel at kortfilmen er eit slags familieprosjekt. Her spelar både dottera hans Dina, broren og nevøen hans.

– Me er jo litt umpulsive og galne i denne familien så me kastar oss rundt når me vil lage noko kreativt. Så er det jo kjekt å kunne laga litt høgtidelege filmar mellom dei større prosjekta. Det er godt å halde seg varm, seier Eskeland.

Under kan du sjå filmen som Eskeland laga i fjor, «Knask OG knep».

Denne filmen har førebels blitt vist  på festivalar i Norge, Sverige, Danmark, Finland, Spania, Canada og USA, og skal visast på festivalar i komande framtid.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -