Ronny finn fram til ligamentum cruciatum og kuttar nakken greitt. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Onsdag kveld måtte to villsauvêrar bøta med livet i Færøysund då slaktar Ronny Korneliussen kom på påskebesøk.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Villsaubonden Bård Inge Bø har mange villsauer gåande på Store og Litle Færøyo – eit lite stykke austanfor Sandvikvåg. Men han hadde ikkje noko lam som var klart til å markera påskehøgtida. Derfor høvde det svært så godt at eit par av vêrane hans var «gått ut på dato» og måtte slaktast.

Linus var blitt forrykt!

Det er ingen tvil om at Linus er blitt galen, og bør slaktast. Foto: Kjetil Rydland.

Odin har vore ein kjekk og fin villsauvêr, som har gjort ferdig jobben sin som avlsvêr i saueflokken til Bård Inge. Derfor var timen til den fem år gamle vêren komen onsdag kveld. Men den eigentlege grunnen til at heimeslaktar Ronny Korneliussen blei purra ut ein slik fin førpåskekveld, var den svarte, stygge Linus, som har blitt olm i det siste.

Linus, eller Leo – kjært barn har mange namn – vaks opp som alelam i Færøysund, og var svært folkekjær i sin ungdom. Men den to år gamle ruggen begynte å bli galen for eit par månader sidan. Og dei siste vekene har han blitt verre og verre. Det er noko som kan skje med dyr som har vakse opp med eit nært forhold til folk.

– Og i dag var Linus verre enn nokon gong! seier vêreigar Bård Inge Bø, og fortel om ei dramatisk vêrasanking ute på Store Færøy.

Fredeleg og udramatisk avlivingsseremoni

- Annonse -
- Annonse -

Sjølve avlivinga var mykje meir nøktern og udramatisk enn ein skulle tru. I alle høve om ein ikkje har anna erfaring enn å ha smugkikka på griseslakting i sin barndom …

Grisen som hyler, gløymer me ikkje så lett. Men dette var ein fredeleg seremoni. Heimeslaktar Ronny Korneliussen er godt kursa for ein slik jobb. Han har alle nødvendige kurs, inkludert slakting av hjort og stell av viltkjøtt. Dei to småsinte vêrane var såleis i dei beste hender, og før me visste ordet av det, var dei ute av verda.

Denne boltepistolen er eit hendig og trygt våpen. Foto: Kjetil Rydland.

Til avlivinga bruker slaktaren ein boltepistol, som ved hjelp av litt krut slår ein bolt inn i hovudet på dyret. Og det heile er over før dyret får sukk for seg. Med ein skarp slaktekniv, og litt hjelp av vêreigar Bø og skodelystne feriegjester, spretta slaktaren opp dyra og drog pelsen av dei.

- Annonse -

Dei øvde hendene gjorde jobben unna i ein fart. Dette har Ronny gjort før, stadfestar Bård Inge Bø, og det var lett å sjå.

– Men gris vil eg ikkje ta på sånn utan vidare, seier Ronny, då meiner eg Arve Rydland er rett mann!

Odin på slaktebenken. Foto: Kjetil Rydland.

Fine slakt

Etter ein times flittig arbeid, til glede for skodelystne feriegjester, hang to fine slakt i uthuset i Færøysund. Kjøtet på villsau er etter måten magert, sjølv om me kunne sjå at vêreigaren har stelt godt med dei.

Vekta var noko mindre enn me hadde trudd; enkelte trudde at den største var nærmare 30 kg slaktevekt. Men Odin var berre 15,2 kg, medan Linus så vidt runda 20. Dette viser at det ikkje alltid er like lett å anslå slaktevekta.

Likevel er det ingen tvil om at dette er fint kjøt, og me vil tru saueeigaren lar seg freista til å smaka på kjøtet i løpet av helga. Sjølv om det helst skal henga nokre dagar.

– 40 døgngrader er det vanlege, før me tek ned kjøtet, seier slaktar Korneliussen, som avsluttar seremonien med ein god sigar.

Ronny Korneliussen er ingen storrøykjar, men han unner seg ein slaktesigar til påske. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -