Oda Eikehaugen Fadnes og Hanne Bjelland Litlabø har ansvaret for dei unge forskarspirene under årets sommarskule i regi av Forskarfabrikken. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Engasjementet var på topp blant elevane då dei i dag fekk eksperimentere med kjemiske reaksjonar ved Høgskulen på Vestlandet.

– Eg tykkjer det er kjekt å møte nye folk, jobbe saman med andre og lære nye ting som andre kanskje ikkje har lært. Det er alltid gøy med ny kunnskap, seier Anne Urdal Gramstad (12).

Ho har vore med på Forskarfabrikken sin sommarskule ved fleire høve tidlegare.

I løpet av dei neste tre dagane skal instruktør Hanne Bjelland Litlabø og Oda Eikehaugen Fadnes geleide elevar frå 5. – 7. trinn gjennom ulike eksperiment innanfor blant anna kjemi, fysikk og biologi.

Under kan du sjå fleire bilete av dei unge forskarspirene i aktivitet.

- Annonse -