Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

 Natt til søndag kom det 200 meter lange Aasta Hansteen-skroget til Høylandsbygd, og ved Eldøyane ventar ein annan gigant på jobben med å samanstille Hywind-møllene. Sjå bileta her!

Knappe to dagar etter planen kom skroget til Aasta Hansteen-plattformen Sunnhordland. Understellet til det som skal bli verdas største spar-plattform viser godt igjen i Sunnhordlandsbassenget, og mange fritidsbåtar hadde tatt turen ut søndag føremiddag for å få eit inntrykk av dei enorme dimensjonane.

Stord24 tok også turen ut i Klosterfjorden søndag for å kome nært på understellet, saman med representantar frå Statoil og Technip, og olje- og energiminister Terje Søviknes.

På veg tilbake til Leirvik var det andre gigantar og få auge på. Ved Stordbase på Eldøyane er løftefartyet Saipen 7000, verdas nest største løftefartøy, i ferd med å klargjere monteringa av Hywind-vindturbinane. Den første skal etter planen bli montert søndag kveld i 21-tida.

Sjå alle bileta her!

Understellet til Aasta Hansteen er 200 meter høgt og veg 46.000 tonn. For «Dockwise Vanguard» er det å rekna som lett. Skipet er 275 meter langt, 79 meter breitt og har ein lastekapasitet på 117.000 tonn.

- Annonse -

«Dockwise Vanguard» er verdas største tungtransportskip og bygd på same Hyundai-verft i Sør-Korea der Aasta Hansteen-understellet vart bygd.

Og Terje Søviknes (Frp) var svært imponert over synet som møtte han søndag.

– Heilt fantastisk! Dette var eit mektig syn. På sjø får du ikkje heilt inntrykk av dimensjonane, men det var spesielt å sjå kor mikroskopisk små folka om bord blir samanlikna med desse konstruksjonane, seier Søviknes til BT.no.

- Annonse -