Foto: Kari Mendelejev von Svanberg og Maria Grindheim.
- Annonse -

Slik såg det ut då hippiefestivalen Romstokk gjekk av stabelen laurdag.

Den idylliske festivalen har for 25. året på rad blitt gjennomført ved Høgskulen på Vestlandet i helga.

Som vanleg er det Studentersamfundet Stord som står bak arrangementet. Festivalsjef Anders Daae Mæland ser seg godt nøgd med ein vellukka kveld.

Sjå bileteserie nedst i saka.

Publikumsrekord

–  Det er veldig kjekt å ha eit så variert musikkprogram. Stemninga var avslappa, og folk hadde blant anna med seg teppe for å sitje på og baljer med vatn og isbetar for å halde drikka si kjølig. Utover kvelden vart det meir fart i publikum, med god hjelp av ein livleg konferansier og tyngre rock.

Totalt i år vart det seld over 149 billettar på nett, samt rundt 20 laussal i døra. Så mange selde billettar har dei aldri opplevd før.

- Annonse -

– Kvifor trur du festivalen blir meir og meir populær?

– Det handlar om god promotering og førnøgde publikumarar, og så har me vore ekstremt heldige med vèret dei siste åra då, påpeikar Mæland.

Stemninga på topp på Rommetveit. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg og Maria Grindheim

Frå Flekkefjord til Stavanger

Romstokk – festivalen er inspirert av den amerikanske Woodstockfestivalen frå New York i 1969, der 500.000 menneske samla seg under mottoet «Three Days of Peace, Music and Love».

Blant banda som opptredde på scena i går var Forfall, Møblos, Frequenzy, Reaching Summit, Ingelin og co., Dum Stokk og Lena Fjærestad. Målet er å vise fram fleire lokale band, samt mindre tilreisande band.

– Eit band køyrde i frå Flekkefjord, eit anna i frå Bergen. Og eit tredje spelte to konsertar denne dagen og køyrde heile vegen i frå Stavanger og Musikkfest, seier Mæland.

Han er veldig stolt over at studentene klarar å arrangere ein slik festival midt i den travleste eksamenstid.

–  Me i Studentersamfundet består av studentar, som i tillegg til å gå våre ordinære studieløp, har ansvaret for festivalen. Det kan vere stritt å skulle ha eksamenar og organisere ein festival samtidig.

– Så me er veldig stolte over at me får dette til, seier Mæland.

- Annonse -