Ungar frå Ås barnehage har vore med å pynta til jul før "Jul på museet" laurdag. Foto: Sunnhordland museum
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jul på museet

Adventstida er for alvor i gang når Sunnhordland museum inviterer til årvisse hendinga «Jul på museet» laurdag. Heile dagen er det open kafé, mykje godt til sals i krambua, kransebinding, juleverkstad for barn, kakebaking, ope i utstillingar og servering av gløgg.

Program
11.15 Opning av juleutstillinga om kristtorn i museumsbygget, ved Stord-ordførar Gaute Straume Epland
12.00 «Vesle-Ola og fjøsnissen» – eventyrstund i Hatlandsløa, ved Kari Bolette Lundal
12.00 Sal og signering av Sunnhordland årbok 2017, ved forfattar Johanne Øvstebø Tvedten
13.00 Sagvåg skulekorps speler julemusikk
13.30 «Vesle-Ola og fjøsnissen» – eventyrstund i Hatlandsløa, ved Kari Bolette Lundal

Open dag

Laurdag kan du også få med deg open dag og julemesse i Hamna kontaktsenter i Borggata 7 i Leirvik sentrum. Her blir det basar med fine gevinstar og sal av handarbeid og julekaker. Det vil også bli kafé med sal av graut, kaffi og kaker. Messa er open frå klokka 11 til 14.

- Annonse -

Jan Eggum til Osvald

Laurdag ettermiddag klokka 16 inviterer Jensen & Olsens viseklubb til den første av to konsertar med visekongen Jan Eggum frå Bergen. Viseklubben skriv: Desse konsertane brukar å vera svært populære. Få med deg ein fin dagkonsert på Osvald pub med songar frå den rikhaldige katalogen til landets største viseartist.

Seinare på kvelden er det også levande musikk å få med seg på Osvald, då trubadur Endre Olsen skal underhalde på scena.

Händels Messias

Søndag blir det vakker, klassisk musikk i Nysæter kyrkje, når Stordkoret med Liv Kari Bru som dirigent framfører Messias av Georg Friedrich Händel. Musikarar kjem frå Stavanger symfoniorkester med Eirik Stangenes som konsertmeister. Solistar er Maria Therese Bersås sopran, Ranveig Hagen Leseth alt, Arne Kvarven tenor og Thomas Røshol bass. Konsertstart klokka 18.

Sleppfest med Cecilie Anna

Det er endå meir kvalitetsmusikk å få med seg søndag kveld. Klokka 19 på Grand Hotel blir det sleppfest for debutalbumet til Cecilie Anna. Her vil heile albumet bli framført frå start til slutt.

Cecilie Anna skriv dette om konserten på Facebook-hendinga: Programmet er enkelt: Eg speler gjennom «I’m Here» frå byrjing til slutt. Med meg på kor er Vidar Vedå og herlege Lene Jeanette Skogvoll. Gisle Østrem styrer lyd så noko slinger i valsen blir det ikkje. Me gler oss til ei kjekk stund på Grand Hotell søndag 3. desember kl 19.00.

Jazzdans på Spinae Company

Både små og store dansarar på Spinae Company skal i helga vise fram kva dei har jobba med i haust. Det er jazzførestillinga ”Miroir” som skal bli presenterast.

Spinae Company skriv dette om førestillinga: En föreställning med många ansikt. Att vara samma som alla eller våga vara sig själv. Vem är jag när alla mina ansikt & roller försvinner. Vem är jag när jag ser mig själv i Spegeln. Är vi alla eller en å samma?

Førestillinga blir synt fram i Spinae Company sine lokale i Jens Hystadvegen fire gonger, laurdag og søndag klokka 14 og 17 begge dagane.

Jul med Lubbenissane

Laurdag og søndag blir det eit gjensyn med den lokale førestillinga Jul med Lubbenissane i Ungdomshallen i Øvre Borggata. Framsyningane startar klokka 16 både laurdag og søndag. Billettar vert å få kjøpt hos Stord kulturhus, og kostar 150 kroner. Framsyninga høver for alle frå 5 år og oppover. Dette skriv arrangøren om førestillinga:

I lubbefabrikken to rette og to ronge e nettene korte og dagane longe. Den beste julepresangen i heile verda skal strikkast av dei travle Lubbenissane. Aldri har dei fått så mykje bestillingar som i år. Men produksjonen stoppar heilt opp om dei ikkje syng, dansar, les dikt og har da kjekt i lag. Og er dei så heldige at dei får seg ein liten krakkakos midt i produksjonen, ja då e dagen perfekt.

Har me gløymt noko? Send oss ein mail på redaksjonen@stord24.no

- Annonse -