- Annonse -

Prost Svein Arne Theororsen og fungerande ordførar Jakob Bjelland er blant dei som deltek i festgudsteneste frå Stord kyrkje.

«Til lukke med dagen alle saman! Med 17.mai. Nasjonaldagen. Grunnlovsdagen. Fridomsdagen. Heile landet sin bursdag»

Slik innleier prost Svein Arne Theodorsen preika på nasjonaldagen. Og han legg til:

«Vi har mykje å feira, mykje å gleda oss over, mykje å takka for og mykje å kjempa for».

Me ynskjer alle velkomen til å vera med på festgudsteneste frå Stord kyrkje på nasjonaldagen. Stor takk til fungerande ordførar Jakob Bjelland som les dagens bibeltekst frå Salme 127, 1-3.

Ellers medverkar i tillegg til prost Svein Arne Theororsen og sokneprest Olav J Oma og kantor Ole Jørgen Furdal. Tusen takk til Ingjerd Kannelønning Kolstad, Dag Eirik Eikeland og Liv Kari Bru som deltek med flott song. Og ei stor takk til Magne Langåker for film og redigering. 

- Annonse -

Sjå klippet øvst i saka.