Foto: Stord lufthamn
- Annonse -

Etter tre år på Stord har det siste Widerøe-flyet landa på Sørstokken i denne omgangen.

Mandag ettermiddag kom det siste lasset med Kværner ansatte frå Molde til Stord lufthamn. Etter oppstarten av arbeidsruta mellom Stord og Molde i 2015, har flygingane blit trappa ned dei siste månadane.

– Lufthamna vil takke Kværner og Widerøe for godt samarbeid, og håper det kan bli fleire flygingar av denne typen også i framtida, skriv Stord Lufthamn.

Ruta til Molde har stått for ein god del av den samla trafikken frå og til Sørstokken dei siste åra. I 2016 var det 17.108 passasjerar som nytta seg av Widerøe sitt charter-tilbod.

Widerøe har også trafikkert Oslo-ruta frå Stord fleire gonger tidlegare. Sist var heilt tilbake i år 2000, då dei sto fro ei charterrute til Oslo i samband med bygginga av Snorre-plattforma.

Ein periode på 90-talet var det faktisk konkurranse om flypassasjerane på Sørstokken, då både Widerøe og Air Stord trafikkerte Oslo-ruta.

- Annonse -