Slik ser Vegvesenet for seg bruløysinga over Langenuen.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sender likevel over begge alternativa, både sørleg og midtre kryssing, til samferdselsdepartementet.

– Kryssinga av Langenuen mellom Stord og Tysnes har vore mykje diskutert. Både det midtre og det sørlege alternativet har sine støttespelarar. Vegvesenet sender over begge alternativ til Samferdsledepartementet, skriv Vegvesenet i ei pressemelding måndag.

Likevel skriv Vesenet at dei anbefalar departemenet om å gå for midtre kryssing – i strid med ønskjet til alle ordførarane i Sunnhordland, utanom Fitjar.

– Me anbefalar det midtre alternativet fordi brua då vert knytt til den delen av vegnettet på Stord som har den høgste standarden, og som vil tole trafikken i nokre år før det vert nødvendig med utvidingar.

Vegvesenet skriv at dei ikkje tek stilling til om det skal vere sideforankra eller endeforankra flytebru. Dette er noko som vil bli vurdert i eigen reguleringsplan.

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) er nøgd med at Vegvesenet har sendt begge alternativa til departementet.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er jo greit at dei har sendt over begge alternativa. No blir det opp til departementet å ta denne avgjersla. Når dei formulerer seg slik er det nok fordi dei veit at det er 50/50 på lang sikt. Vegvesenet bryr seg ikkje så mykje om dei regionale verknadane.

Rommetveit forstår argumentet til Vegvesenet.

- Annonse -

– Dei har jo rett i at me har pussa opp vegen for veldig mykje pngar lenger nord for Jektevik. Men det er jo uansett lagt opp til at det skal bli firefeltsveg på sikt, så eg meiner ein må sjå dette i eit lenger perspektiv. Sørleg kryssing er mest tenleg for heile regionen.

Ordførar Gaute Epland (Ap) er ikkje overraska over anbefalinga til Vegvesenet.

– Dette er i tråd med signala me har fått tidlegare. Eg går ut i frå at dette handlar om at ein vil utsetje meir av vegen over Stord. Så håper og trur eg framleis kryssing, som etter mi vurdering er den klart mest framtidsretta løysinga. Både for Sunnfast og for Hordfast.

Han oppmodar no lokale politikarar om å presse på mot departementet for å få dei til å lande på sørleg kryssing.

– Eg håpar at våre lokale representantar frå regjeringspartia kjenner si besøkelsestid og pressar på.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -