Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Ei kvinne i slutten av 20-åra har fått førarkortet beslaglagt grunna ulovleg forbikøyring.

Like etter klokka 16 søndag rykte naudetatane ut på melding om trafikkulukke i Bømlafjordtunellen.

– Vegtrafikksentralen held tunnelen stengt i påvente av at naudetatane kjem til staden, melder Sørvest politidistrikt.

Dei opplyser at det er tre bilar involvert i ulukka, men at det truleg ikkje er snakk om personskade.

– Ulukka har sannsynlegvis skjedd i samband med forbikøyring, opplyser Sørvest politidistrikt.

Operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i politiet kjem med fleire detaljar om ulukka overfor Stord24:

- Annonse -

– Ulukka skjedde ca. tre kilometer inn i tunnelen frå nordsida, og har skjedd i samband med ei forbikøyring. Bilen som har køyrd forbi har lagt seg inn for tidleg. Om det var fordi det kom ein bil i mot tør eg ikkje heilt seia, men den har iallfall kome borti bilen den køyrde forbi, som igjen førte til kontakt med bilen bak.

Han seier det var fem personar involvert i ulukka basert på dei tre bilane. Føraren av bilen som utførte den ulovlege forbikøyring, ei kvinne i slutten av 20-åra, har fått førarkortet beslaglagt.

– Kvinna som forårsaka ulukka har fått førarkortet beslaglagt fordi forbikøyringa blei føreteke på ei sperrelinje.

Operasjonsleiaren seier det ikkje skal vere snakk om personskadar, og fortel også om mindre materielle skadar. Det skal ikkje ha vore behov for redningsbil.

– Ingen har blitt frakta til legevakt eller sjukehus. Dei framstår som uskadd, seier Fenne-Jensen.

Tunnelen vart opna att for trafikk rundt klokka 16.50.