Anna Sofie Ekeland Valvatne. Foto: Amalie Sydnes / Stord24
- Annonse -

Koalisjonen dei neste fire åra vil berre bestå av Ap, Krf og Senterpartiet.

– Me har vore nøgde med det koalisjonen har fått til dei siste fire åra, men etter sonderingar som no er gjennomført om politiske verv og politisk innhald, ser me at røysta vår ikkje veg like tungt i koalisjonen som før. Difor vel me å gå ut av forhandlingane, og stå utanfor det formaliserte koalisjonssamarbeidet.

Det skriv partiet sin andrekandidat, og nyvalt kommunestyremedlem, Anna Sofie Ekeland Valvatne i ein pressemelding.

– Stord SV sit etter valet att med ei mindre gruppe enn i førre periode. Då gjekk me inn i ein fleirtalskoalisjon med Ap, Sp og Krf.

Men partiet har likevel sikra seg ein posisjon i formannskapet. Det får dei til ved å ingå eit såkalla valteknisk samarbeid.

– Stord SV inngår eit valteknisk samarbeid med koalisjonen, Raudt og Mdg, og sikrar oss på
den måten ein plass i formannskapet, ein fast komitéplass og ein 1.-varaplass.

- Annonse -

Valvatne lovar at SV kjem til å vere ei tydeleg røyst i Stord-politikken dei neste fire åra.

– I opposisjon kjem SV til å vera ei tydeleg røyst for dei mange, og ikkje for dei få. Me kjem til å jobba for å gjera SFO billigare, for framleis offentleg drift, mot firefeltsveg gjennom Landåsen og mot bru over Bjørnafjorden.

Ordførar Gaute Epland (Ap) seier han er skuffa over at SV ikkje lenger vil vere med i samarbeidet.

– Eg har sett stor pris på samarbeidet med SV i denne perioden og hadde håpt å ha dei med vidare også i neste periode. Eg har likevel forståing for at SV vel å trekkja seg ut av koalisjonen for å stå friare til å fronta sin eigen politikk.

Samtidig er Epland open om at det til tider har vore utfordrande å samarbeide med partiet.

– Det er ikkje til å leggja skjul på at det er politiske forskjellar mellom SV og resten av noverande koalisjon t.d. når det gjeld Hordfast, som ville vore vanskeleg å sameina i ein ny felles politisk plattform.

– Eg er glad for at SV ynskjer å inngå eit valteknisk samarbeid. Og så ser eg fram til å meisla ut ein god styringsplattform saman med KrF og Sp for utvikling av stordsamfunnet dei neste fire åra, seier Epland.

Slik vart valresultatet på Stord.
- Annonse -